Neglespretten autoslalom

Søndag 3. februar inviterer NAF Motorsport Ålesund til 2. løp i Autoslalåm Vintercup- 2013!
Dette skal gå av stabelen ved AcoAnlegg AS sitt området på Vadset Industriområde i Tennfjorden.
Les meir på NAF Motorsport Ålesund sine sider.

Bilde henta frå NAF Motorsport Ålesund sine sider.


"Restart" for Fordson Super Dexta på Austnes

Bendik Marøy Austnes har starta oppussinga av ein Fordson Super Dexta frå 1960.
Her ser du bilde av traktoren, under lakkering i lakkboksen på gamle Shell stasjonen på Haramsøya.
Underteikna fekk gleden av å inspisere prosjektet for nokre veker sidan, og alt ligg til rette for å få
i stand ein flott Supert Dexta!! Kanskje blir det premiere visning under Øyatreffet 2013??
Sjå fleire bilder og følg prosjektet til Bendik på SSC forumet

Årsmøte vel i havn

Tysdag 29. januar vart årsmøte til Seaside Custom avholdt slik som annonsert i vårt eige klubbrom på Rogne. Med 14 medlemmar tilstades vart frammøte godkjent. Svein Olav Otterlei kom in som ny vara og Jann Edu Haram vart vår nye kasserar. Det vart også bestemt at Øyatreffet 2013 (7-9 juni) skal arrangerast på Rogne, der alt blir på ein plass... meir info om dette seinare. Ynskjer du innsyn i rekneskapen eller vil sjå møtereferatet så er det berre å ta kontakt med styret.


Garage Journal

Fann ei kjekk side på nettet for ei stund sidan. Dette er ei amerikansk side som har garasjar, verktøy og andre mekkerelaterte artikklar. Sjekk ut http://www.garagejournal.com/
Det er og mange fine trådar på forumet.


Par i Volvo

Søndag var det nydeleg kaldt vinterver så Amazonen måtte ut på ei lita gliderunde. Då møtte vi på Oddmund i 140en. Perfekte forhold for slike bilar no når det er kaldt og tørt. Gode varmeapparat i disse gamle glisa.


Sjå fleire bilder på http://seasidecustom.diskusjonsforum.no/seasidecustom-post-2695.html#2695

Lys "Show" i SSC hallen

Søndag 20.01.13 var det SSC styremøte, der vi måtte vente litt på skrivaren.
Denne tida nytta vi til å posere litt med bilane våre...
Grøftelys og parklys er alltid like tøft!!


Månedens kjøretøy Januar!

Michal Andre Longva og Håvard Vatn Longva, skaffet seg et bil prosjekt i påska 2012.
bilen var i utgangspunktet bare et rullende skall med en litt utdatert og simpel motor,
som de i senere tid har byttet ut med noe i  ''litt'' mer grovere kaliber.
Nedom vil du få litt mer informasjon og bilder rundt prosjektet til Michal og Håvard.



Flott treff i Sør Sverige


 
Det har alt blitt 2013, og ein ny sesong er alt under planlegging mange plassar.
Legg ved ein link til Nostalgia Festivalen i Ronneby som er eit flott treff. Heile byen
kokar av gamle bilar og syklar. Treffet går av stabelen 29.juni som er ganske tidleg.
Så om ein har tidleg ferie er dette eit fint alternativ.
Sjekk ut heimesida http://www.nostalgiafestival.se/index.php og sjå gjerne filmsnutten
som er lagt ut http://www.nostalgiafestival.se/film.php , om ikkje anna for å få eit
lite solglimt i vinterkvelden.

Årsmøte i Seaside Custom

Tysdag 29.01.13 kl 20.00 har Seaside Custom gleden av å invitere til årsmøte i vårt eige klubbrom!!
Saker til årsmøtet leverast til styret innan 15.01.13 
Mvh styret i Seaside Custom


SSC kalender 2013

Seaside Custom har fortsatt fleire SSC kalendera for 2013 på lager. Skulle du vere så uheldig å ikkje ha fått kloa i eit eksemplar enda, så er det berre å legge inn ei bestilling på ravnestad@hotmail.com Pris kr 100,- + evt. frakt.

Ny kalesje

Denne veka fekk "Fiona" ny kalesje. Les meir om dette på SSC forumet!!


Månadens kjørety

Som kanskje nokon hugsar frå tidligare, so vart det publisert eit innleg i månaden der ein av medlemma fekk pryde Seaside Custom sin forside med eit bilde og litt informasjon rundt doningen sin.
Alt ifrå store og små bilar til traktorar med lydanlegg og duftgran har komme opp gjennom tida, men også eit innblikk i gamle kjørety som har rulla på vegane ute på øyanne.

No er det på tide med en ny runde med månadens kjørety, å Seaside Custom vil gjerne at du som har tilknyttning til klubben, kor enn i landet, sende inn eit bilde av doningen din med litt informasjon rundt den. Har du kanskje eit bilde av ein bil du hadde ein gong i tida som du vil bidra med, så tar vi gjerne imot disse.

Send inn ditt bidrag med litt innformasjon slik som; Merke, eigar, lokasjon, årsmodell, motor, effekt, gir, understell og eventuelt utstyr som stereo o.l

Send inn forslag til: Jann.seasidecustom@hotmail.com


Besøk av Juri Art & Design

Tysdag 08.01.13 fekk Seaside Custom besøk av airbrush kunstnaren Juri Sergazin i SSC hallen på Rogne. 
I 15 år har Juri handtert airbrush pistolen og har ei lang rekke fantastiske motiv bak seg, 
som han presenterte for dei oppmøtte i SSC klubbrommet denne kvelden.


















Airbrush og motivlakk

I kveld kl 20.00 får Seaside Custom besøk av denne kreative sjela, som er ein racer med airbrush og motiv lakk. Han held til i Brattvåg, og i kveld tar han turen ut på øyane i SSC hallen for å vise og fortelle om sitt arbeid. Sjå også http://www.juri-artdesign.com Vel møtt!!



Ny SSC heimeside














Velkomen til Seaside Custom si nye web-side, meir tilrettelagt for bruk på ulike "duppedingsar" slik som
mobiltelefonar, nettbrett og ulike nettlesara, men dette er berre ein av fordelane!!
I menyen under kvart innlegg kan du som lesar vere meir aktiv ved å kommentere dei ulike innlegga, noko
SSC håpar vil bli mykje brukt. Du kan også bruke menyen under innlegga til å tipse vennar på mail, samt dele på facebook, twiter eller din blogg. Bruk denne menyen til å spre det glade budskap... det skapar ei aktiv klubbside!! Nytt av året er at vi er blitt fleire i web-redaksjonen, i håp om meir oppdateringar, og meir variert innhold. Sida har også fått ny "layout", men ikkje meir enn at du klarer å kjenne deg igjen. I menyen til venstre finn du eit arkiv over innlegga på sida, her finn du også ein søkefunksjon til å finne fram til eldre innlegg. "Gamalt nytt" og historie frå 2006 - 2013 finn du lenger ned på sida. Nokre knappar, linkar og sider er desverre ikkje heilt på plass endå... men det kjem etter kvart. Håpar du finn deg til rette på vår nye heimeside!!