Ny SSC heimeside














Velkomen til Seaside Custom si nye web-side, meir tilrettelagt for bruk på ulike "duppedingsar" slik som
mobiltelefonar, nettbrett og ulike nettlesara, men dette er berre ein av fordelane!!
I menyen under kvart innlegg kan du som lesar vere meir aktiv ved å kommentere dei ulike innlegga, noko
SSC håpar vil bli mykje brukt. Du kan også bruke menyen under innlegga til å tipse vennar på mail, samt dele på facebook, twiter eller din blogg. Bruk denne menyen til å spre det glade budskap... det skapar ei aktiv klubbside!! Nytt av året er at vi er blitt fleire i web-redaksjonen, i håp om meir oppdateringar, og meir variert innhold. Sida har også fått ny "layout", men ikkje meir enn at du klarer å kjenne deg igjen. I menyen til venstre finn du eit arkiv over innlegga på sida, her finn du også ein søkefunksjon til å finne fram til eldre innlegg. "Gamalt nytt" og historie frå 2006 - 2013 finn du lenger ned på sida. Nokre knappar, linkar og sider er desverre ikkje heilt på plass endå... men det kjem etter kvart. Håpar du finn deg til rette på vår nye heimeside!!