Ingersoll-Rand frå1967

Den gamle Ingersoll-Rand kompressoren til "Peilo" vokna til liv igjen forrige
tysdag i SSC hallen på Rogne. Etter at Seaside Custom kjøpte den med Rolls-Royce
under eit ryddesalg der, så har denne 1967 mod kompressoren stått lagra sidan
vi starta med å bygge hallen. Kompressoren går som ei klokke, men det spørst
om tanken har sett sine beste dager, med tanke på mykje rust og "gugge" inne i
tanken. Men SSC gjengen har kanskje ei løysing på dette også "time will show"!!

Takk til Longva Servicesenter

Då Longva Servicesenter hadde garasje/ryddesalg denne helga,
så dukka det opp nokre godbitar som vart donert til Seaside Custom.
Blant anna ei god gamal 3-fase søylebore maskin, som tidlegare har
vore brukt i smia på Peilo. Ei lysjusteringsmaskin og dei gamle "Fina"
bensinpumpene, som sto på servicesenteret tidlegare...
No er vi eit steg nærmare å skape "besinstasjonpreg" utanfor klubbrommet!


Takk til Marine Harvest

I Marine Harvest er ein avhengige av livskraftige lokalsamfunn langs kysten der vi driver havbruk.
Livskraften må komme både fra et vitalt næringsliv og et mangfoldig tilbud innen kultur, idrett og
lokalt miljøarbeid. Gjennom Marine Harvest-fondet ønsker vi å bidra så det virkelig monner. 
I 2013 skal vi dele ut tilsammen 12 millioner kroner.
(ref. Marine Harvest Fondet)
Seaside Custom oppfylde krava til Marine Harvest Fondet i 2012, og kan glede seg over
å mota kr 35.000,- i støtte til vidare bygging av Seaside Custom hallen. Tusen takk!!













Takk til Sparebanken Møre

Kvart år deler Sparebanken Møre ut tusenvis av kroner til allmenyttige formål gjennom
På tampen av 2012, fekk Seaside Custom svar på sin søknad, som kunne fortelle at
SSC hadde motatt kr 40.000,- gjennom "Gullkornordninga" og Sparebanken Møre.
Det er med stor glede Seaside Custom mottar disse pengane, som kjem veldig godt
med i den vidare bygginga av SSC hallen. Tusen takk!!

Takk til Longva Maskin AS

Då klubbrombrakkene til Seaside Custom skulle fraktast frå H-produkter på
Haramsøya til SSC hallen på Rogne, så var Seaside Custom avhengig av riktig
utstyr og kyndig personell for å få jobben gjort. Kranbilen til Longva Maskin AS
var riktig utstyr for oppgåva, og med Karsten Fjørtoft bak spakane så gikk
opperasjonen "knirkefritt"!! I etterkant av flyttinga fekk Seaside Custom den
gledelige meldinga om at Longva Maskin AS sponsa SSC med gratis frakt,
lån av kranbil samt sjåfør og kranførar. Ei stor takk til Longva Maskin AS!!!!


BMW E30 prosjekt

På SSC forumet finn du ein ivrig skribent som kallar seg Magnum.
Han har tidlegare fortalt om sitt gråtass prosjekt på forumet, men denne gangen
er det ein BMW E30 han har satt vinkelsliparen i...
Følg med på forumtråden hans her!







Honda MT5

Bendik skruar ikkje berre Super Dexta, men har også nokre Honda MT5
i stallen som er under oppussing. 2 skal bli til 1, eller kanskje 2??
Følg med på SSC forumet!!


Pigghelg på Tretten

Denne helga arrangerte 13 Cruisers Pigghelg på Losna Icetrack på Tretten.
Skal seie sesongen starta tidleg nede i dalane...
her kjem ein bildelink til "moroa" for dei som er på fjæsboka. 
Pigghelga på Tretten 09.02.2013
Bilde henta frå Per Arne Mølmen sitt album

Understellsbehandling




I den gamle Shell stasjonen på Austnes, får Anders Kjellstad Rogne sin Nissan SX 200
ei kraftig understellsbehandling...

Arbeid i SSC hallen

Tysdag 5. februar var det igjen tid for klubbkveld og arbeid på vårt klubblokale. Veiret var surt og grått, så det vart mest innearbeid. Den siste døra i hallen, mot teknisk rom kom på plass. Så no er hallen lukket og låst. Septikktanken fekk utbedra nokre hol og skader, så no er også den klar for å synke i jorda. Harald "shina" Forden, og gjorde den klar for innbytte. Det blir nye tak neste tysdag... same tid og same plass!!


Månedens kjøretøy Februar!

Harald Otterlei har sendt oss noen bilder av sin aller første Rover og forteller at det var på dette  tidspunktet at ''anglogalskapen'' slo inn for fult!!


















Campingvogn til klassikeren i sommer?

Her er ei glimrande campingvogn til årets treffsesong.
Med den litt rustne tysken min tolkar eg av overskrifta at dette er
eit Svalereir i Månelys versjon. Ikkje gale å skilte med det.
Vogna er ikkje lenger unna enn Åndalsnes heller.
Sjekk fleire detaljar på http://www.finn.no/finn/car/caravan/object?finnkode=38525940


Fluid film.

Har fått eit nytt produkt på jobb no. Det er eit godstoff som kan brukast som rustløysing,smøremiddel og rustbeskyttelse. Produktet er basert på lanolin olje og er miljøvennleg. Før produktet vart tatt inn i vårt stoffkartotek vart det testa ut i en lengre periode ombord på Ormen Lange feltet langt ute i det salte havet. Der blir det bruk på mini ubåten på ca.900meters djup.
Les meir om produktet på http://www.bilkontroll.no/
På den nettsida er det og ein del andre produkt og tips som kan vere av intresse for oss som driv med gamle
doningar i røft miljø.