Dekkskift dag 21. april

Etter at vår første dekkskift dag snøva vekk og vart avlyst, så har vi no satt opp ein ny dato for arrangementet. Søndag 21. april håpar SSC at vinteren har slept taket og at det endelig er trygt å sko bilen med sommarhjul. Ta med bilen og sommarhjula dine i Seaside Custom hallen på Rogne, så skiftar SSC hjula dine for kr 250,- (kr 200,- for SSC medlemmar). Kjøp deg ei vaffle og ein kaffi medan du ventar, i kiosken inne i vårt klubbrom. Vi får også besøk av TFØ (Trafikksikringsfondet for øyane) og UFØ (Ungdomsrådet for øyane), som stiller med quiz der du kan vinne flotte premiar. Støtt Seaside Custom, og la oss skifte hjula dine!! Vel møtt!!




























Følg arrangementet på facebook!!