Dekkskiftdag med ny rekord.

Søndag 21.4 var det klart for Dekkskiftdag, etter at første forsøk på å ha denne dagen vart avlyst pga. ein voldsom snøkave. Ein god gjeng av Seaside Custom sine dekk-krengarar var spenn klar i hallen vår denne søndagen, og dei slapp å vente lenge før dei første gjestane kom for å få lagt om til sommerhjul. Medan bilen fekk bytta hjul i hallen kunne sjåføren nyte nypressa vaffler og kaffi i klubbrommet. Det var totalt 35 bilar innom for å få lagt om til sommerhjul, og det er ny rekord for denne type arrangement. Vi takkar alle som var innom for å støtte klubben.
















God stemning i klubbrommet.
Kaffi, vaffler, quiz og prat.





Kjekt å treffe kjentfolk over ein kaffi.
Inne i hallen var det utstillt nokre doningar. Volvo Amazon Favorit -67, Pontiac Trans Am -79 og Harley Davidson Softtail 













Trond var verksmester for ein dag, og styrte rekkefølga på bilane som skulle inn for å få nye "suler".













UFØ var på plass med info og quiz.
Flott at denne gjengen er med på disse arrangementa.














Nokre av crewet sine doningar. 
F.v. Chevy Chevelle- 70, Ford Granada 2,8 Ghia I påkosta astronomiske summer, og BMW E36.




























To bilar inne til ei kvar tid. Dei to teama jobba på og gjorde unna 
35 bilar på dei 3 timane vi holdt på.


















Bilar i kø for å skifte dekk.