Øyatreffet 2013. Vått, men veldig trivelig!!

Øyatreffet er ikkje det største treffet og heller ikkje det mest kjente, men vi 
meinar å vere det triveligaste treffet. Sjølv om Øyatreffet 2013 vart ein våt opplevelse,
så var det veldig mange som kosa seg under Seaside Custom sin "Motorweekend" på Rogne.

Øyatreffet starta allereie fredag ettermiddag (7.juni), med forberedelsar og rigging. 
Fleire SSC medlemmar møtte opp ved klubblokalet for fotoshoot, då Sunnmørsposten
ville lage ein artikkel om SSC, Øyatreffet og klubblokalet.

Noko fotoshoot vart det ingenting av då regnet hølja ned under heile fotoseansen.
Veiret vart ikkje noko beire ut over kvelden heller, å det var ganske trasigt å stelle i stand
til treff med slike veirutsikter...

SSC hadde åpen hall under treffet, der vi hadde leita fram nokre doningar frå øyane 
for å stille ut. F.v Volvo Duett (Terje Morsund Austnes), Dodge Poenix (Kristian Aakre),
Toyota Crown (Svein Johann Nogva), Opel Omega (Mari Otterlei).

Mari Otterlei sin Opel Omega, med lakkprøve på støtfangaren.

Helge Kjellstad Rogne si Porsche 924.

Lars Otterlei sin AC Cobra (halv scala)

Som tidlegare nevt var det tildels dyster stemning fredag då veiret svikta.
Veiret var litt lettar laurdag og det vart stemninga også, etterkvart som fotballbana
på Rogne vart fyllt opp med flotte entusiast køyrety. 45-50 kørety var utstilt til slutt.

Den første som annkom treffet var denne flotte 1979 mod. Chevrolet Camaro Z28
eigd av Knut Anders Skoge. Han kom frå Larsnes og hadde starta tidleg laurdag morgon.
Medlem av Ytre Sunnmøre Amcar Klubb.

Arve Gjelstenli er blitt ein trufast gjengangar på Øyatreffet og stiller uansett
veir med sin flotte 69 mod. Amazon og campingvogn av same årgang.

Arve stilte med nylakkert bil og vogn. Lignande kulør som tidlegare, men med 
metallic lakk som var rålækkert!!

Her er ingenting ovelatt til tilfeldigheitene... motorblokk og andre detaljar i same farge.
Arve fekk SSC styrets glade hjul pris, for trufast oppmøte.

Ann Mari og Nils Idar Rogne sin nydelige Pontiac Boneville 2dr Sport Coupe 1958 mod.


Oddmund Longva har fått riktig "stuk" på sin 1971 mod Volvo 142.
Ein god gamal bruks veteran.

Jon Ole Flem sin strøkne 1978 mod Pontiac Trans Am.

Johnny Longva stilte med sin meget oppegåande Ford Mustang (Cab.) 1964 mod.
Etter alt for lang tid i stallen...

Ein av SSC sine nykomlingar i år var Dag Nogva med si flotte Chevrolet Corvette 84 mod.
Dag stilte med prøveskilt under treffet i påvente av at bilen skal bli veteran.

Ei anna flott Corvette Er Merete og Jan Petter Urke si 1992 mod. C4
Den er 100% strøken og stakk av med prisen for Beste 1990 - 2013 mod. 

Mange flotte Lincoln var utstilt på Øyatreffet. Lengst vekk i bildet har vi Inge Rogne
sin 1974 mod. Lincoln Continental Mark IV Coupé. I midten står Nils Idar Rogne sin nye
1979 mod. Lincoln Mark V som kom "from over there", og annkom øyane like før treffhelga.
Nermast i bildet står Harald Holten sin 1978 mod. Lincoln Continental Mark V, frå Ålesund. 

Harald Holten sin Lincoln gjorde inntrykk på mange, og han stakk av med prisen for
Beste 1970 - 1989 mod. og ikkje minst Damenes Favoritt...

"Diamond are a girl's best friend" heiter det... kanskje det var derfor Harald Holten sin
Lincoln gjorde slik inntrykk på damene, då dette er ein Diamond Jubilee Edition.

Nils Idar Rogne sin nyinnkjøpte 1979 mod. Lincoln Mark V

Staselege bilar!!

Ein anna bil som også gjorde inntrykk på publikum var Øystein Johansen sin 1969 mod. 
Ford Mustang frå Hildre. Publikum stemte Mustangen hans fram til prisen for beste 1950 - 1969 mod.
og ikkje nok med det... han fekk også prisen for Barnas Favoritt.

Jann Edu Haram kom rett i frå radio innslag på NRK Møre og Romsdal,
der han reklamerte for treffet og fortalte om sin 1982 mod. Granada...
Nylakkert styling og nye "feite suler"

Magnus Urke sin BMW E34 M5 2001 mod. fekk flest stemmer blant mannfolka,
og kan herved tittelere seg med prisen Herrenes Favoritt... ingenting å seie på det
bilen er no lækker!!

Helge K. Rogne stilte ut sin 95 mod. Honda Integra GSR.
Det meste er gjort på denne bilen ang. anlegg, understell, motor "you name it",
men du kan sikkert ta sjansen på å legge om til sommardekk no...

Her blir alle detaljar studert :)

Håvard Vatn Longva sin 1993 mod. BMW 325 er ikkje akkurat "låk" for auge.
Den gull-brune fargen henta frå ein nyare BMW i kombinasjon med gullfelgar er
annaleis og beintøft!!

Denne Rover TC 2000 frå 1972 er eigd av Karl Berg frå Skodje.

Bjarne Løken frå Ålesund, kom gliande med dette flotte flaket av ein
Pontiac Bonneville Convertible 1965 mod. som var veldig nær ved å
stikke av med prisen for Beste 1950 - 1969 modell.

Han fant rom for å legge ned kalesjen mellom bygene, så folk fikk sjå
den flotte innredninga også... sjølv om dette kanskje var eit sjansespel :o)
Høg standar både inn i og utanpå.

Pontiac Bonneville saman med ein anna 60-talar, Stig Sandal sin 1967 mod.
Volvo Amazon Favoritt. Hege Ravnestad stilte ut Amazonen til Stig Sandal, då ho og Frode
har bilen på "for" her på øyane... ein form for leasing avtale. Stig har ikkje plass til bilen i Stavanger, og derfor får Amazonen husly, bensin og turar her på øyane.

Her er Amazonen i godt selskap med Daniel Lødøen Grebstad sin 2000 mod.
Subaru Impreza GT. 

 Helge K. Rogne gjorde seg bemerka med denne Chevrolet Chevella frå 1970, etter å ha røyklagt heile Ørsta under kjeglekøyringa på Amcar treffet der helga før Øyatreffet. 
Dette resulterte i tittelen Best in show der.
Her er årsaken... ein splitter ny GM Performance ZZ502 motor på 502 hk

Frå Ålesund kom Tore Aase med sin Fiat 500 frå 1972... sikkert den minste bilen på treffet,
og frå Søvik kom Erik Uggedal med sin rally/racing inspirerte Ford Escort MK2 frå 1977.

Stian Tvedt tok turen frå Haram med sin flotte orginale Camaro Z28

Henning Andre Flem sørga for Audi V8 utstilling, å hadde skoga tak i Audi sitt eige
V8 monument, for å sette prikken over i'en på utstillinga.

Henning er sterkt representert med to eigne bilar, Audi S8 2000 mod. nærmast i bilde, 
samt Audi V8 3,6 Quatro 1989 mod. Bilen med prøveskilt som forøvrig er til salgs.
Dei to andre Audiane er Ole Johnny Longva sin 89 mod. V8 3,6 Quatro, og lengst vekk
i bildet Magnus Vatn Longva sin Audi 200.

Litt ut på dagen annkom også denne Porsche C4 frå 1996 treffet.

Bilen er eigd av Håvard Bråten i frå Harøy.

Anders Kjellstad Rogne sin Nissan 200SX 1996 mod.

Hege og Frode Ravnestad si Boble "Tingeling" frå 1968, utrusta med lykteskygg,
kvite blinkers, 8-spoke felgar m/spinners og Golf GTI stolar.

Susann Ravnestad sin "Fiona", ei VW Boble Roadster frå 1968, med ny kalesje.
Denne var oppslått og tett... heldigvis :)

David Ravnestad stilte også ut sin Traxxas Stampede radiobil med boble karosseri,
lakka i same kulør som "Fiona". som vakte stor begeistring blant dei yngre.

Det var ikkje rette dagen å køyre 2-hjular, men nokre få hadde likevel 
trossa regnveiret.

Dette monsteret av ein sykkel er ein 2005 mod. Aprilia RSV 1000R Factory

Eigar: Tommas Brugrand frå Ålesund.

Bengt Rune Austnes tok turen frå Ulsteinvik, og besøkte heimtraktene
med sin BMW K1200S 2006 mod.

Disse små doningane var eigd av Louise og Patrick, medlemmar av Skodje Trailklubb.

Ut på dagen kom Andreas Ulla med sin 2008 mod. Harley Davidson Rocker

Mange tøffe detaljar og endringar på denne sykkelen, 
og meir krom skal du leite lenge etter!!

Blant alle disse flotte 2-hjularane var  det ingen som kunne "hamle opp med" Kristian Rudi Longva
sin flotte Derbi DRD moped frå 2004. Veldig kjekt at han fekk prisen for beste 2-hjular, då her er
lagt ned enomrt mykje arbeid i denne mopeden. Ikkje mange skruar som er overlatt til tilfeldigheita  her.
Bendik Austnes stilte også ut sin Honda MT5 2001 mod. som også er lagt ned mykje arbeid i.
Seaside Custom syns det er veldig kjekt å få med seg slike entusiastar, då vi veit dette er den
beste skulen og starten for å holde på med motorhobbyen... stå på og velkomen igjen.

Ein anna yngre entusiast var Jan Erik Flem, som stilte ut sin 1974 mod. Volvo BM 430.
Han har gått same skulen som moped gutta, og har lagt ned fleirfoldige timar i denne traktoren.
No er det berre traktorlappen som manglar... å den er rett rundt hjørnet!!
Bilde er henta frå ein avisartikkel i Bygdabladet.

SSC var så heldige å få besøk av Møller Bil Ålesund, som stilte med 2 stk splitter nye VW.
Ein 2013 mod. VW Golf TSI, og ein 2013 mod. VW Beetle Fender Edition. I følge nybilselger 
Chris Gati og medhjelpar Thomas Ellingsen som sto for standen, var der mange intresentar
innom. Dei to bilentusiastane bydde på gode prisar og prøvetur. Heilt klart eit flott tilskudd til Øyatreffet.

Inne på Framtun fant du kaféen der SSC bydde på Gryterett m/loff og salat, samt eit rikholdig
kakebord og kaffi, pluss pølser m/brød og snop.

Godt å kunne trekke inn i det ruskete veiret.

 
På enden her ser du Bente og Olav Arne sin Buick Reviera 1966 mod. 

 Gamal Rover og ny BMW.

 Mustang, Camaro, Corvette, Integra og 240.

Impreza GT, Amazon og Bonneville Convertible

Publikum ventar spent... 

på premieutdeling...

og at disse herrane Bjørn Kåre Høistad vår eminente speaker og DJ for dagen,
og sjefen sjøl Trond Ravnestad skal røpe kven som stikk av med stempelpokalane.

Vinnar rekka!!

Harald Holten sin Lincoln manglar i rekka då nokon hadde låst inne nøklane i bilen
hans... skal ikkje nevne namn, men bilen vart låst opp og fjerna i løpet av søndagen.

Lækre rumper!!

Nydelig farge!!

Etter premieutdelinga var det lagt opp til felles cruising til fergekaia på Austnes.

Her fekk vi tatt eit verdig farvel med våre tilreisande gjestar, som var framme
i god tid før avgang og havna først i fergekøen.

Austnes fergekai fylt til randen av flotte doningar.

 Dette er Svein Olav Otterlei sin 1979 mod. Pontiac Trans Am som annkom øyane
rundt påsketider. I bakant står Jon Ole Flem med sin 1978 modell. 

Svein Olav køyre med stil... i sin Trans Am er det Smokey and the bandit
på full guffe og antrukket med side frakk og cowboyhatt skulle ein tru det var
sjølvaste Burt Reynolds som sto på Austneskaia.


Blandt store amcars, svingar Tore Aase med sin Fiat 500 frå 1972 inn på kaia.
Har du lyst å oppgradere trillebåra di med lettmetall felgar, så har du nokre gode
alternativ på denne bilen... "Bolt on"...tøft!!

God stemning på kaia.

Etter litt mingling på fergekaia, satte vi kursen tilbake til Rogne for rekefest og dans.

Gjertrud-Marie Longva hadde lagt til rette for camping ved Rogne Skulen som ligg like ved
ungdomshuset Framtun og treffområdet. Her var det fine forhold, og nokre av treffdeltakarane,
hadde slått leir her. Etter cruisingen vart veiret ganske bra, og det vart etterkvart meeeget god
stemning både inne på Rogne Skulen og rundt vognene ute.

Her har ein forberedt seg på dårlig veir med tak og veggar mellom vognene.
Her var det god stemning både før og etter dansen.

Kl 20.00 var det klart for rekefest!!

 70 stk til bords.

 God stemning...

 ...og alle vart mette.

Underteikna vart overaska med blomster og smertestillande, for vel utført arbeid som leiar
i Seaside Custom. Dei smertestillande tablettane, var for ryggen som slo seg vrang under
forberedelsane til treffet Fredag. Heile helga gikk ein rundt med ein noko pussig gange...
den vart merkelig nok bedre og bedre ut over laurdagsnatta??


Etter rekefesten entra Fjørtoftsbandet Redwood scena, og sørga for fullt dansegolv
og god stemning resten av kvelden og natta. Bilde er henta frå Redwood si eiga facebook side.

Siste mann i seng Var Jann Edu Haram, som insisterte på å sette opp teltet sitt
kl halv fem om natta. Zzzzzzzz......

Seaside Custom vil takke alle som har hjelpt til både før og under Øyatreffet, for uten slike gode
hjelpara klarer ein ikkje å gjennomføre eit slik treff. Vi vil takke Framtun for lån av Ungdomshus og fotballbane, Gjertrud-Marie Longva som la til rette for camping ved Rogneskulen, Rolls-Royce for lån av lastebil, pallar og benkar, Bjørn Kåre Høistad for lån av lydutstyr og som DJ og speaker, alle kakebakara og loddselgara, alle som har tatt si vakt under utstillinga, rekefest og dansen, og sist men ikkje minst til alle oppmøtte og tilreisande som støtta oss... velkomen igjen!!