Power Hot Rod Reunion 2013, Malmby

Under sin ferietur i Sverige var Kristian Aakre m/fam innom Power Hot Rod Reunion i Malmby.
Dei har tatt ein heil masse flotte bilder frå treffet og levert disse til underteikna så andre
SSC medlemmar også kan få eit innblikk i dette treffet. Dette er berre nokre få bilder av alle 
dei eg fekk, men dei viser litt av alt det tøffe som var der. Tenk å få oppleve alt dette på nært hold!!
Dette er Europas største treff for Hot Rods, custombygg og galne oldschool racerbilar.
Her er det utstilling, oldschool dragrace, burnouts og masse show frå ende til annen.

Sommarferie i SSC hallen


Tysdag 25.06.07 var siste dugnadskvelden i SSC hallen før sommarferien. 
Då vart bla. krona på ringmuren til teknisk rom støypt og ei stroppekasse vart montert på SSC tralla.
Tysdag 6. august er neste dugnadskveld i SSC hallen, og 17. august blir det dugnadslaurdag i hallen.

Stars & Stripes treff i Sykkylven

Det har lenge vore stilt rundt amcar miljøet i Sykkylven og omegn, men no kan det sjå ut som den nyetablerte klubben Amcar Storfjorden har klart å stable dette miljøet på beina igjen. Laurdag arrangerte dei sitt første treff ved kaiterminalen i Sykkylven, og med 50-60 flotte doningar utstilt samt sol frå blå himmel var vel dette å regne for ein suksess som vil bli gjentatt neste år.

Kveldscruising 30. juni

 Søndag 30. juni samla SSC seg for ein felles kveldscruising igjen, der møteplassen var ved
bankplassen på Haramsøya.