Stars & Stripes treff i Sykkylven

Det har lenge vore stilt rundt amcar miljøet i Sykkylven og omegn, men no kan det sjå ut som den nyetablerte klubben Amcar Storfjorden har klart å stable dette miljøet på beina igjen. Laurdag arrangerte dei sitt første treff ved kaiterminalen i Sykkylven, og med 50-60 flotte doningar utstilt samt sol frå blå himmel var vel dette å regne for ein suksess som vil bli gjentatt neste år.

Flotte custom sykklar, i hovudsak Harley Davidson.


Seinare på dagen kom det også ein Indian og ein gamal Norton.





Litt delar til salgs.










Caddilac frå Stryn

Med flott motivlakk av Laila Garlid

Nydelig rødt interiør.

Tilsynelatande strøken Trans Am som var til salgs.


Mange flotte Mustangar på treffet og her er ein av dei.


Raka rør!!

Denne bilen snerra godt, og hadde stilig flake lakk.


Det var også mange flotte Corvette på treffet...

men denne Corvetta skilte seg frå mengda!!



1948 Plymouth Roadmaster, Custom.



Bjørn Hagen sin nydelige orginale 1963 mod. AC Cobra.


Legg merke til signaturen på hanskerommet...


Ein gamal kjenning...

Denne bilen var i Jon Ole sitt eige ein kort periode

Ann Mari og Nils Idar sin 1958 mod Pontiac Bonneville var einaste bilen frå
Seaside Custom, som kom rett frå Lillestrøm og Amcartreffet der.


Her er ein av dei andre flotte Mustangane...



Og denne...


Ein av pådrivarane i Indre Nordfjord Cruisers (INC-Stryn)



Klar for cruising


Turen gikk gjennom sentrum til fergekaia på Aursneset, så tilbake gjennom sentrum (gamleveien)...

deretter vidare til Straumgjerde.

Her vart det ein liten "pitstopp", før vi returnerte til Sykkylven sentrum igjen.





Underteikna, samt David og Steffen fekk sitte på med Nils Idar, då "Fiona" måtte
stå heime grunna veldig dårlig veir og veirmeldingar fredag og søndag.

 Ut i frå navnet på treffet og markeringa av 4th of july, var dette først og fremst eit Amcar treff...

 men det var sagt at også andre merker var velkommen, men disse var det ytterst få av...

 Dei sto parkert litt på sidelinja, men eg tar med nokre bilder av disse bilane også,

 som kan få pulsen til dei SSC medlemmane som ikkje brenn mest for Amcars til å stige ;)


Takk for eit hyggelig treff!!