fredag 30. august 2013

VW - Audi treff, Rudskogen

Helga 30. aug. - 1. sept. er Michal Andre Longva og Håvard Vatn Longva på VW - Auditreff på Rudskogen.
Dei har dratt med seg SSC tralla og opp på denne har dei ein "illsint" 400 hk Audi 90 med bakhjulstrekk,
samt 3 sett med dekk. Etter ein litt trøblete start med ei motvillig servopumpe, vacumlekasje på diffsperra og
lavt turbotrykk, kom dei seg endelig på veien og køyrde natt til fredag mot Rudskogen. 
SSC ynskjer dei lykke til, og kryssar fingrane for at redskapen held!!

onsdag 14. august 2013

Arbeidslaurdag på SSC hallen 17. august

Tysdag 13. august kom solen til vifterommet på plass, så no ligg alt til rette for å starte med muring av veggane til teknisk rom på laurdag 17. august kl 10.00-17.00. Håpar vi blir mange slik at vi kan starte på mellombygget til klubbrommet også. Ta med utstyr til støyping... trillebår, spade osv. Vel møtt til alle!!