VW - Audi treff, Rudskogen

Helga 30. aug. - 1. sept. er Michal Andre Longva og Håvard Vatn Longva på VW - Auditreff på Rudskogen.
Dei har dratt med seg SSC tralla og opp på denne har dei ein "illsint" 400 hk Audi 90 med bakhjulstrekk,
samt 3 sett med dekk. Etter ein litt trøblete start med ei motvillig servopumpe, vacumlekasje på diffsperra og
lavt turbotrykk, kom dei seg endelig på veien og køyrde natt til fredag mot Rudskogen. 
SSC ynskjer dei lykke til, og kryssar fingrane for at redskapen held!!

Førarmøte og teknisk kontroll bestått!! På med første sett dekk, så ut å prøve seg på bana!!

Bilen gikk som ei kule dei første runden, og med berre 0,6 bar ladetrykk løyste han bakhjula i 4 gir!!! Fortsatt ein bar til å gå på :-) Alt dette var før foringa i diffen rauk...
No såg det mørkt ut, men ein kar i frå Horten hadde delen dei trengte. Ved å hjelpe han og bilen hans ut på bana igjen var den nye foringa til diffen løyst ut og kom på plass i løpet av natta. Dei rakk også å justere bensintrykket og dobble turbotrykket. Laurdag morgon var bilen på bana igjen og dei køyre fortsatt på første sette med dekk. Helga ser lys ut sjølv om det regna og viskarmotoren har tatt kveld :-)
Her ser du naboen i depotet... han sleit med knekte girkassefeste...