Bilder frå turen til Liabygda

Etter at SSC på kort varsel anonsert at Nils Idar skulle treffe Kjell Kristian Nilsen (Buick Nilsen) i Liabygda,
så var det 5 SSC medlemmar fordelt på 3 bilar som møtte opp kl 10.50 på Austnes fergekai laurdag 12. oktober.
Nils Idar og Dag i Lincoln, Jan Petter og Jan Inge i Corvette og Svein Olav i Pontiac Trans Am.
Då dei annkom Liabygda hadde også Olav Arne og to venner av han tatt turen frå Valldalen
for å få ei omvisning i Buick Nilsen sine lokale.

3 stk SSC bilar på veg over fjorden... på "Dampskipet OS"
Pit stopp på Sjøholt
Det var eit overveldande syn som møtte våre SSC medlemmar... eit berg av delar og gamle bilar... 
stabla i frå golv til tak. For nokre er dette berre skrap, for andre kan dette vere reine skattekammeret...
og det trente auge vil sjå at her er mange spesielle bilar/karosseri i samlinga.
Mildt sagt så virka kanskje denne samlinga ein smule kaotisk, der både delar og bilar ligg stabla over alt.
Men turfølget kan bekrefte at Kjell Kristian hadde ei historie rundt alle bilane, og han visste godt kva som 
befant seg i lokala. Nilsen guida turfølget frå prosjekt til prosjekt, og fortalte villig dei artige historiene
rundt dei. Han var flink og fortelle og det var kjekt å høyre på.

God gamal patina
Trykk knapp automatgir
Ein solbrent 1957 model Chevrolet Bel Air, med blanke kromlister.
Heil og fin støtfanger.


Radial dekk i lange baner.
Eit påbegynt Impala prosjekt. I disse lokala var her stort sett berre delebilar og prosjekt, men i Ålesund
området har Kjell Kristian lagra ein 7-8 ferdig restaurerte bilar, som han er lykkelig eigar av.




Nyoverhalt motor i denne.


Stasjonsvogner er det ikkje ofte ein ser.
Dette var einaste køyrbare bilen i lokala. Denne har vert nytta i mangt eit bryllup.
Kjell Kristian ved sin Buick 8






Kva vinge som skjuler seg her??
Beintøff bil!!





Ei gamal "Splitt Window" folkevogn mellom alle dei amerikanske flaka.


Ein nokså komplett Buick av litt nyare årgang


Ein nydelig dag for cruising...
i vakkert haust landskap!!

Ei stor takk til Kjell Kristian Nilsen som tok Seaside Custom med på denne guida omvisninga
i hans imponerande samling av gamle bilar og "snurrepipperier"!!