Bilder frå dekkskift dagen 26. oktober

Laurdag 26. oktober var det igjen tid for dekkskift dag i SSC hallen. Tradisjonen tru var det full
rulle for dekkskift teama i frå kl 10.00-14.00. 25 stk bilar fekk vintersko denne laurdagen, pluss 2stk bilar
tysdagen før og ein "attpåklatt" tysdagen etter. Dvs. SSC skifta hjul på 28 bilar til saman.

 Denne gangen fordelte kundane seg ut over heile dagen, slik at vi slapp eit voldsomt "rush" tidlig på dag.
Dette medførte jevnt over til lite venting.
 Karane i aksjon.
 3stk dekkskift team var i sving heile dagen.

 Disse tøffe nøkkelringane vart delt ut til alle som skifta dekk hos oss. 
Nøkkelringane vart sponsa av TFØ (Trafikkskringsfondet for Øyane), og på disse sto der
nyttig info rundt dette med dekk og dekkskifte... Når kan/må eg skifte dekk, mønsterdybde osv.
 Vi hadde også litt anna "gadgets" som vi solgte... disse lysnøkkelringane har vi meir av for kr 20,- pr. stk.
 Inne i klubbrommet var det Susann, Hege og Synnøve som regjerte i kiosken... pluss mange små hjelpara.
 Her solgte dei nydelige vaffler og kaffi, medan kundane venta på at bilen deira fekk nye sko.
 Sikte sikte... kor er holet til hjulbolten...
 To passientar inne for hjulskift.


 Denne gangen kunne SSC tilby dekkposar til dei som ville ha dette, noko som var veldig populært.
 I SSC starta vi rekruteringa tidlig, og vi hadde god hjelp av to ivrige gutar som ville hjelpe til.
Her er det Oliver som jekkar opp ein bil.
 David sjekkar lufta i dekka.
UFØ (Ungdomsrådet for Øyane) stilte med quiz inne i klubbrommet. 
Her var det mange som fekk bekrefta at om ein tok teoriprøva i dag... så hadde ein stroke med glans.
Henning Andre Flem hadde alle rette og stakk av med førstehjelps puta.

Seaside Custom vil takke alle som nyttar seg av tilbudet og ikkje minst ei stor takk til alle dei som
brukar laurdagen sin på å skifte dekk til andre, stå i kiosk og stille med quiz.
Uten slik god hjelp lar ikkje dette arrangementet seg gjennomføre!!
TAKK TAKK!!