Bilder frå Vårsleppet

Blant kuskitvogner, traktorar og møkalukt snirkla det seg ei kolonne på 19 entusiast køyrety,
på Haram, Austnes, Ulla, Flem og Nogva, før kortesjen enda opp ved SSC sine lokale på Rogne.
Bedre "setting" en dette kan ein vel ikkje få på eit Vårslepp?? For oss uten tak eller
ekstra godt "friskluftsannlegg" i bilen så var det ein smule kaldt og vindfullt, men regnet hold seg
vekke under heile cruisingen. Vi avrunda Vårsleppet med ein kopp kaffi og litt sosialt i SSC
sitt klubbrom før alle for kvar til sitt. Takk for ein hyggelig cruising!!


Vårslepp 28. april

Søndag 28. april er det duka for vår årlige Vårslepp!!
Då samlast vi for ein uformell cruising på øyane, og du er hjarteleg velkomen!!
"First we take Haram, then we take Nogva", før vi endar opp ved SSC hallen
og klubbrommet for ein kopp kaffi og litt prat.
Leit fram "kariolen" din på 2, 4 og fleire hjul og bli med oss på øyacruising.
Oppmøte ved bankplassen på Haramsøya kl 12.00. Vel møtt!!

Foto: Olav Skarstein












Dekkskiftdag med ny rekord.

Søndag 21.4 var det klart for Dekkskiftdag, etter at første forsøk på å ha denne dagen vart avlyst pga. ein voldsom snøkave. Ein god gjeng av Seaside Custom sine dekk-krengarar var spenn klar i hallen vår denne søndagen, og dei slapp å vente lenge før dei første gjestane kom for å få lagt om til sommerhjul. Medan bilen fekk bytta hjul i hallen kunne sjåføren nyte nypressa vaffler og kaffi i klubbrommet. Det var totalt 35 bilar innom for å få lagt om til sommerhjul, og det er ny rekord for denne type arrangement. Vi takkar alle som var innom for å støtte klubben.















Kulturkveld på Framtun

Fredag 19.04 kl 20.00 inviterer UL Fram til kulturkveld på Framtun.
Temaet denne kvelden er "Med motorsykkel langs Route 66", og det
er Ernst Rogne som fortel om si reise "over there". Ei slik reise er det sikkert
mange Seaside Custom medlemmar som vil høyre om og også sikkert drøymer om.
Ta turen til Framtun på Rogne fredag kveld, og høyr om ei fantastisk reise.

 

Dekkskift dag 21. april

Etter at vår første dekkskift dag snøva vekk og vart avlyst, så har vi no satt opp ein ny dato for arrangementet. Søndag 21. april håpar SSC at vinteren har slept taket og at det endelig er trygt å sko bilen med sommarhjul. Ta med bilen og sommarhjula dine i Seaside Custom hallen på Rogne, så skiftar SSC hjula dine for kr 250,- (kr 200,- for SSC medlemmar). Kjøp deg ei vaffle og ein kaffi medan du ventar, i kiosken inne i vårt klubbrom. Vi får også besøk av TFØ (Trafikksikringsfondet for øyane) og UFØ (Ungdomsrådet for øyane), som stiller med quiz der du kan vinne flotte premiar. Støtt Seaside Custom, og la oss skifte hjula dine!! Vel møtt!!




























Følg arrangementet på facebook!!

Månedens kjøretøy April!


Ford Escort Cosworth var fra 1993 til 1998 en sprek og populær Gruppe A rallybil, og var derfor tilgjengelig for privatpersoner. Fredrik Urke har sendt oss info og bilde av sin 1993 Ford Escort Cosworth.











Dekkskift dag, AVLYST!!

P.g.a veiret har Seaside Custom valgt å avlyse dekkskift dagen i SSC hallen. Vi satsar på å sette opp arrangementet på nytt, ei av dei nermaste helgane, eller når det sluttar å snøve.






Chevelle goes pro touring

I "rognes garasje" står chevella og får seg en del stell og oppdateringer for tida. Her blir det som er av rust fjernet og understellet får en kraftig oppdatering. interiøret blir frisket opp med moderne instrument. Følg med på forumtråden til Helge og sjå framgangen til pro touring.