Forberedelsar til skulebesøk

Tysdag 29. okt vart det forberedt ei utstilling i SSC hallen då vi skulle få besøk av 4 og 5 klasse ved Flem Skule. Skulen har temaveke om 50-talet og Seaside Custom vart spurt om vi ikkje kunne stille ut og fortelle litt om nokre køyrety frå 50-talet. Meir om dette seinare.

Dekkskift dag 26. okt. med besøk frå UFØ

Disse tøffe nøkkelringane (bildet) delar vi ut til alle som skiftar dekk hos oss komande laurdag.
På baksida står det nyttig info rundt dette med dekkskift, som ein lurer på kvart år...
Når må/kan ein skifte dekk, mønsterdybde, påbud og ambefalingar henta frå Statens Vegvesen.
Nøkkelringane er sponsa av TFØ (Trafikksikringsfondet for Øyane).
Vi får også besøk av UFØ (Ungdomsrådet for Øyane), som byr på quiz med premie.
Det kan lønne seg å skifte hjula dine hos Seaside Custom denne helga. Vel møtt!! 

Bilder frå turen til Liabygda

Etter at SSC på kort varsel anonsert at Nils Idar skulle treffe Kjell Kristian Nilsen (Buick Nilsen) i Liabygda,
så var det 5 SSC medlemmar fordelt på 3 bilar som møtte opp kl 10.50 på Austnes fergekai laurdag 12. oktober.
Nils Idar og Dag i Lincoln, Jan Petter og Jan Inge i Corvette og Svein Olav i Pontiac Trans Am.
Då dei annkom Liabygda hadde også Olav Arne og to venner av han tatt turen frå Valldalen
for å få ei omvisning i Buick Nilsen sine lokale.

Tur til Liabygda

Bilde henta frå SAK Posten
Laurdag 12. oktober set Nils Idar Rogne kursen mot Liabygda for å besøke garasjen/lageret til 
Kjell Kr. Nilsen, også kalt Buick Nilsen. Han har eit stort lager av gamle bilar, restaurerte og objekter, 
der mange av bilane er importert frå USA. Nils Idar har bedt SSC om å spre budskapet i håp om at fleire SSC medlemmar vil vere med. Nils Idar reiser på 10.50 ferga frå Austnes. Veirutsiktene ser bra ut,
så alt ligg til rette for ein siste haustcruising!! Har du spørsmål til turen, ta kontakt med Nils Idar Rogne.
Følg arrangementet på facebook!!

Flott artikkel i Sunnmørsposten

Torsdag 10. oktober kunne ein lese ein flott artikkel i bilmagasinet til Sunnmørsposten!! 
Heile 5 sider kunne ein lese om Seaside Custom. Stor takk til Randi Haldis Longva som tok tempen på klubben ein heilt vanlig tysdag kveld!!

Dekkskift dag 26. oktober kl 10-14

På tide å leite fram vinterhjula igjen folkens... SSC står klar til å legge om for deg 26. oktober!!