Besøk av 4.og 5. klasse, Flem skule 30. oktober

I forbindelse med Flem Skule si temaveke om Øyane på 50-talet, fekk Seaside Custom spørsmål om å fortelle litt om køyretya på øyane. SSC tok utfordringa på strak arm og organiserte ei lita miniutstilling av køyrety i klubben som er frå denne tidsepoken. Malvin lånte vekk sin bensin/parafin drivne Gråtass. Oddmund Longva stilte med sin 2-cylindra luftkjølte Porsche traktor, ein av dei første dieseldrivne traktoren på øyane. Frode Ravnestad stilte ut sin norsk produserte Raufoss moped, noko som var eit meir vanlig køyrety enn bilar på den tid. Nils Idar Rogne stilte ut sin Pontiac Bonneville, ein bil som heilt sikkert låg i bunn av salgsstatistikken her til lands med tanke på bensin og bilrasjoneringa på 50-talet, men som gav eit fint innblikk i "The American dream", ein gullalder for amerikansk bilindustri. Her kunne vi studere lækre linjer, tydelig inspirert av romkappløpet. Vi tok også for oss dei 10 mest solgte bilane i Norge 1956, og kvifor disse bilane låg på topp. Her kom vi ikkje unda dei ulike byttehandlane som vart gjort mellom dei ulike landa, slik som tømmer og fisk i bytte mot bilar, eller produksjon av delar i bytte mot bilar som f.eks den omstridde Volvo-avtalen. Til slutt toppa vi heile utstillinga med å fyre i gang begge traktorane og røykla heile SSC hallen. I forkant av denne utstillinga var elevane samla i SSC sit klubbrom der Sindre Rogne fortalte om sin oppvekst på 50-talet. Her vart dei fora med vaffler medan dei høyrde Sindre fortelle om heilt andre tilstandar enn ein er vant med i dag.

Bilder frå dekkskift dagen 26. oktober

Laurdag 26. oktober var det igjen tid for dekkskift dag i SSC hallen. Tradisjonen tru var det full
rulle for dekkskift teama i frå kl 10.00-14.00. 25 stk bilar fekk vintersko denne laurdagen, pluss 2stk bilar
tysdagen før og ein "attpåklatt" tysdagen etter. Dvs. SSC skifta hjul på 28 bilar til saman.