Løftebukk frå Vatne Autosenter a.s

For ei tid tilbake ringte Vatne Autosenter a.s og lurte på om SSC var interressert i ein
løftebukk som var til overs. Etter ein kjapp inspeksjon fant klubben ut at denne Stenhøy
løftebukken var vi svært interressert i, og laurdag 18.01.14 reiste ein liten delegasjon
til Vatne for å hente løftebukken.

 
 Vi var på Vatne Autosenter i 10-tida og starta straks med å løyse søylene frå golvet.

 Så vart bukken stiva av etter alle kunstens reglar...
 med treverk og lastestropper i alle retningar.
 Når løftebukken var avstiva, vart den jekka opp i eine enden, og den store
hengaren til Brian & Per's utleige vart trilla under.

 Den var meir enn lang nok til å få heile løftebukken opp på planet.
Så var det berre å sikre lasta...

 å trille heile ekvipasjen ut.

Vi hadde god tid til ferga, så vi rakk å snope før vi tok laust.

Løftebukken på veg inn i SSC hallen.
Her er løftebukken komt på plass, og flytteopperasjonen gikk knirkefritt!!

Stor takk til Vatne Autosenter a.s for denne flotte løftebukken!!

Her i SSC hallen skal den kome til nytte!!