2-søyler løftebukk er bestilt


Som du ser i høgre marg på sida vår så har vi ei rekke med flotte sponsorar.
Sponsorpengane vi får inn på disse annonsene går til innkjøp av div. utstyr.
I 2013 dekka sponsorinntektene store delar av vår biltralle, og i 2014 skulle pengane gå til ein
2-søylar løftebukk. Denne løftebukken frå Nordic-Lift AS er no bestilt og på veg i frå Trondheim.
Bukken har ein løftekapasitet på 4000kg 
Takk til våre sponsorar, som gjer det mulig for oss å kjøpe inn slikt flott utstyr til SSC hallen!!

Ormen Lange

Tysdag 25.02.14 vart bla. grøfta for vannrør og el-kabel rør gravd og lagt i jorda

1929 modell A-Ford Special Coupe

 Øystein Bergheim sendte meg følgande tekst og foto etter eit garasjebesøk i forbindelse
med ein delehandel i Angvika...

Arbeidslaurdag 22. februar

Laurdag 22. februar var det kalla inn til dugnad på SSC hallen, og 7-8 arbeidsdyktige kara møtte opp.
Målet var å få mura full høgde på alle veggane til teknisk/vifterom, noko vi klarte med glans.

Nissan Laurel 2.8D 1987

Det har vore stilt leeeenge på SSC forumet frå Sigbjørn Klokk og hans Nissan Laurel 2.8D frå
1987. Dette må vel kunne kallast eit "budget bygge" der "mann tager vad man haver" å bygger
bil av det. Denne bilen vil nok gjere nytta når lappen er i boks... Les meir her!!

Nytt dashbord i Chevella

Dette må vere gamalt nytt vil kanskje mange seie... har ikkje Helge akkurat skifta dashbord??
Det stemmer... men no har han skifta til endå eit nytt dashbord... og denne gang riktig "dash" 
til denne modellen. Samtidig har Helge satt inn eit lass med nye instrument, montert
sparkepanel m/høgtalera, skifta ledningsnett, samt rydda opp i motorrommet.

Ny vannpumpe på "Buster"

Det er med gamle traktorar som med eldre folk... nokre av oss slit med å holde tett.
"Buster" har slite med dette ein periode, men forrige veke vart vannpumpa skifta.