1929 modell A-Ford Special Coupe

 Øystein Bergheim sendte meg følgande tekst og foto etter eit garasjebesøk i forbindelse
med ein delehandel i Angvika...

Tekst og foto Øystein Bergheim:
 Som dei fleste med bildilla så er eg ofte på nett og kikar på bilar og alt som høyrer med.
Eg kom over nokre felgkapslar til Amazon, som eg tenkte kunne gjere seg godt på garasjeveggen, 
eller til eit 140-prosjekt. Ikkje var dei så langt unna heller, så eg tok turen for å hente dei.
 Vel framme i Angvika vart eg møtt av ein kar med same sjuka, han hadde hatt fleire bilar enn eg kunne telje på fingrar og tær. Han hadde innredd mekkeplass i ei gamal løe, og den mekkeplassen gjorde meg grundig misunneleg.
Eg fylte bilen med mykje meir enn det eg kom for, blant anna ei B20 blokk med mykje tilhøyrande delar.
 Bilen som stod inne i varmen hos Freddy Svensli, ga meg tårer i augekroken. Ein -29 A-Ford Special Coupe, med originalmotor på 40 gamp og svigermorsete bak. Ein klassikar som mange berre luftar i solskin og rett vindretning. Men Freddy kunne fortelje meg at denne var ute og rulla ganske ofte.
Kjekt å sjå ein slik ein i bruk!