17. mai cruising

17. mai var det igjen tid for vår årlige cruising der 16-17 bilar og ein motorsykkel møtte opp.
Stort sett alle doningane var kreativt pynta med buskevekstar og norske flagg.
Her er nokre bilder av disse kreativt pynta doningane.

Classic Car Show, Skodje

Søndag 4. mai hadde SSC klubbstand på Classic Car Show i forbindelse med SAK sitt 30 års jubileum. Vi var 10 bilar som køyrde i kortesje frå Austnes og det var 12 bilar utstilt på vår stand. Vi traff godt med dagen vi valgte å reise på då laurdagen var litt meir grå. Søndag slapp vi unda med berre nokre snøfnugg på digernesskifte... elles strålte sola frå blå himmel. SSC kan melde om eit fantastisk flott treff med utrulig mykje flott å sjå. All ære til SAK som har tromma saman eit kjempeflott arrangement, som burde vore årlig

Dekkskift dag 26.april

Laurdag 26. april var det dekkskift dag i SSC hallen. Vi frykta dei fleste hadde lagt om sjølve
så seint på året, men vi vart gledelig overaska då dei fleste av våre faste kundar dukka opp.
25 bilar fekk nye sko denne dagen, pluss 3 bilar tysdagen før og 1 bil tysdagen etter.

Vårsprett søndag 27.april.

Søndag 27.april var det klart for å starte ein ny sesong. Det var flott ver og god stemning. 17 bilar og 2 motorsyklar møtte opp for årets første cruising.