Classic Car Show, Skodje

Søndag 4. mai hadde SSC klubbstand på Classic Car Show i forbindelse med SAK sitt 30 års jubileum. Vi var 10 bilar som køyrde i kortesje frå Austnes og det var 12 bilar utstilt på vår stand. Vi traff godt med dagen vi valgte å reise på då laurdagen var litt meir grå. Søndag slapp vi unda med berre nokre snøfnugg på digernesskifte... elles strålte sola frå blå himmel. SSC kan melde om eit fantastisk flott treff med utrulig mykje flott å sjå. All ære til SAK som har tromma saman eit kjempeflott arrangement, som burde vore årlig

SSC on tour... land i sikte.

Framme på Håhjem industriområde på Skodje

 Her var det eit flott område å ha utstilling på, med både utstilling i og utanfor fabrikken.
SSC vart tilvist eit stort og flott område med god plass for våre 12 bilar.

 Eit lite stykke rutebilhistorie... to av mange flotte tyngre køyrety.

 Jaguarklubben på plass! Intet mindre en 3stk E-type... lækkert!!

 Magirus brannbilen til SAK.
 1959 Caddilac


 Oversikt over utstillinga i hall nr 1

 Veteran camp utstilling i hall 2


 Karen Gissinger m/følge i sin T-Ford og tidsriktige kle.



RC-lastebil er morsomt for både store og små. Her er det fungerande lys, lufthorn, lyd osv.
Utrulig tøft og veldig ekte!! Eigaren av lastebilen er også eigar av den flotte Volvo Bertonen
i bakgrunnenn. 

 Heaven!!

 Finbilparkeringa romma også veldig mykje fint. Og som på resten av
utstillinga var her veldig mykje forskjellig.

 Finbilparkering

 Finbilparkering med utsikt mot fabrikken

 Til ære for Henning Andre Flem

 Ein gamal Volvo sjukebil under restaurering på Sjøholt. Mykje god tresløyd her!

 Ein av Sykkylvens eldste traktora.



 Ein sjelden Peugeot
 RC for store å små


 Det flotte interiøret med det fine trevirke tilhører denne Mercedesen på bilde.




 Trafikk skule utstyr...

 Denne modellen vart nøye studert. Her var det åpen girkasse, clutchhus, differensial og
motorblokk i glas, slik at ein kunne sjå korleis alt snurra rundt og fungerer.



 Stranda Scorpione






Kåre Olav Monstad er lykkelig eigar av denne nyyydelige Volvo 164E.
I 2013 vart bilen kåra til norges flottaste bil, og det er ikkje mykje å seie på det!!


Denne bilen er eit smykke.

SSC hadde gleden av å ha denne bilen utstilt på Øyatreffet 2011.

Her slappar SSC gjengen av i solveggen, fulle av intrykk.