Dekkskift dag 26.april

Laurdag 26. april var det dekkskift dag i SSC hallen. Vi frykta dei fleste hadde lagt om sjølve
så seint på året, men vi vart gledelig overaska då dei fleste av våre faste kundar dukka opp.
25 bilar fekk nye sko denne dagen, pluss 3 bilar tysdagen før og 1 bil tysdagen etter.

Denne gangen var løftebukkane på plass, noko som letta arbeidet for dekkskift teama.
I klubbrommet var det tradisjonen tru kiosksalg med vaffler og kaffi, der bileigarane kunne
slå av ein prat i fred og ro. UFØ var også på plass med sine utspekulerte spørsmål i sin quiz,
der Øystein Bergheim hadde skarpaste haude og stakk av med førstehjelpsputa som var premien.

Seaside Custom takkar alle som støttar klubben med å skifte dekka sine her, og ikkje minst
alle som stiller opp for å hjelpe SSC med dekkskiftinga og kiosksalget!!
Dette arrangementet lar seg ikkje gjere uten slike gode hjelpara!!
1000 TAKK!!