Vårsprett søndag 27.april.

Søndag 27.april var det klart for å starte ein ny sesong. Det var flott ver og god stemning. 17 bilar og 2 motorsyklar møtte opp for årets første cruising.
 Oppmøte ved bankplassen på Haramsøy kl 14.00


 Gjestande Mercedes 450 SL-73 var eit hyggeleg innslag.

 Rune Haram stilte med ein kjempefin Jaguar XJ R

 Stig Sandal sin 67Amazon Favorit, ratta av Harald Otterlei, Knut Otterlei sin Jaguar XJ, og Svein Olav Otterlei sin 79 Trans Am

 Sindre Uri sin nye 78 Corvette Pace Car

 Olav Skarstein sin 86 Volvo 240GL, med original Volvo forgasser turbo.

 Inge Rogne hadde rulla ut sin Lincoln mark IV som er ein 74mod.

 Helge Kjelstad Rogne si 70 Chevelle var klar for cruising etter ein del vinterarbeid. Nye felgar for sesongen og ein heil del andre godsaker som ikkje er så innlysande.

Feite suler!!

 Jan Petter og Merete Urke si 92 Corvette glinsa i sola.

 BMW 3serie touring. Flott farge/felg kombo.

 Nils Arne og Berit Uri kom med Honda F6C Valkyrie med raka rør, Andreas Ulla hadde pussa krommen på sin velpussa Harley, Frode og Trond Ravnestad køyrde kvar sin versjon av 68mod VW Boble.

Svein Olav Otterlei sin Pontiac Trans Am 79 gir Bandit vibbar.

 Knut Otterlei sin Jaguar XJ X300 executive frå 96.

 Nils Idar og Ann Mari kom glidande i sin 78 Lincoln mkIV.

Turen gikk først til yste Haram. Her var det opplining...


før vi satte kursen mot SSC hallen på Rogne.

 Etter ein cruisetur rundt på øyane enda følget opp ved Custom hallen.

 Parkeringsplassen vart utvida den siste veka før dekkskiftedagen, så her var det no fint å ta oppstilling.

Flott når portane kan åpnast og hallen kan brukast.

 Ingen bilar hadde behov for å køyrast på bukkane denne dagen.

Frode fyrte i gang vaffelpressa for anledninga.

Kaffi og bilprat. Kanskje er det Fosnavåge 1.mai som vert planlagt.

Flott start på ein ny sesong. No ventar mykje kos med finbilane.