Siste klubbkveld før ferien

Då ein annkom SSC hallen denne siste tysdagen før ferien, så sto disse to doningane utanfor...

Eurotrip to Norway, (Haramsøy, Barius & Kaktus)

Her ser du Miguel (t.h) og makanikaren Michael (t.v) og deira Austin Morris J4 Van,
som dei skal køyre frå Malta til Haramsøy og Barius & Kaktus pub. 
I perioden 15. juli - 5. august skal vår aller sydligaste SSC medlem Miguel Pace, køyre sin 1971 mod. Austin Morris J4 Van heile veien frå Malta til Haramsøy og tilbake igjen.
Saman med sin venn og mekanikar Michael, skal dei køyre gjennom Europa i denne bilen som dei har restaurert saman. 

Laurdag 26. juli blir dei og bilen og finne på Barius & Kaktus pub på Haramsøy der Julianne Pace Tomren og Miguel Pace har stelt i stand kaffi og kakesalg til inntekt for ei intensiv avdeling for barn på Malta (les meir om turen og insamlinga på vårt facebook arrangement Eurotrip to Norway, (Haramsøy, Barius & Kaktus)).


SSC oppfordrar alle Seaside Custom medlemmar som er heime, til å stille ut bilen/sykkelen sin saman med Miguel denne dagen!! Dette er ein unik sjanse for han og stille ut sin Austin saman med oss andre SSC medlemmane... så møt opp. Alle er velkomne!!

Åpen garasje 14. juni

 Laurdag 14. juni inviterte SSC til åpen garasje i SSC hallen på Rogne.
Det vart ein veldig trivelig dag for dei som stilte opp med bilane sine,
nokre få gjestar og ein besøkande frå Sjøholt som hadde funne veien ut på
øyane denne dagen. Men bygdefolket uteblei, samt andre besøkande frå fastlandet.

Cruising og utstilling på Lepsøydagane 7. juni


Laurdag 7. juni var SSC invitert til å stille ut våre bilar og sykklar under Lepsøydagane.
9 bilar stilte på fergekaia for å ta 13.25 ferga frå Austnes, men desverre var det berre
5 av disse bilane som kom med ferga...

Velkomen til åpen garasje & rekefest 14. juni

Velkomen til åpen garasje i SSC hallen, og rekefest på kvelden!!
For dei som tar turen frå fastlandet, så passar det godt å ta 13:05 eller 14:05 ferga frå Skjeltene.
Vel møtt til ein sosial dag i Seaside Custom hallen på Rogne.
NB!! Rekefesten avlyst grunna lite påmelding.

Sunnmørstreffet 2014, beste burnout!!

Helga 30.mai - 1.juni gikk Sunnmørstreffet i regi American Car Club Ørsta/Volda av stabelen.
Laurdagen sørga Helge Kjellstad Rogne for tjukk tåke under minidragracet.
Såpass tjukk tåke vart det at det resulterte i prisen for beste burnout!
Dermed forsvarte Helge tittelen som også stakk av med prisen året før :)
SSC gratulerer med seieren!!

Cruising 25. mai

Cruisingen 25. mai starta ved infoskiltet på bruveien. Så køyrde vi til kirka på Haramsøy, før vi hadde eit lite pitstopp på sjøbuda. Deretter gikk turen om Nogva før vi enda opp ved butikken på Longva. Takk for turen folkens!