Bilder frå Classic Car Week, 26, juli

Laurdag ettermiddag/kveld 26. juli tok underteikna og David med oss kvar sin campingstol,
og satte kursen mot ei av rundkøyringane i Rättvik for rett og slett berre sette oss ned å sjå
på alle dei flotte bilane som sklir forbi. Det er ikkje noko unormalt ved det... for i veke 31, når
Classic Car Week pågår i Rättvik så set ein ikkje aleine i rundkøyringane og langs vegane der.
Her er ufattelig mange flotte bilar i denne vesle tettstaden denne veka og her er berre "pitte litt"
av det som rørte seg på vegane denne kvelden. Beklager dårlige og uklare bilder... det var
ugunstige forhold for eit stakkars mobilkamera og ein alt for ivrig fotograf :)

 Vi køyrde først oppom flystripa i Orsa, der det var Orsa Dragfest. 
Her var det "Mopar's at the strip" og lastebil drag, men dei var desverre
ferdig med køyringa då vi annkom. Så då vart det ein burger i eine matteltet der,
akkompagnert av musikken til eit Rockabilly band som spelte opp til dans på treffet.
 "Rundellen" i Rättvik :)