Søndag 29. juni var det tid for cruising igjen, og denne gangen møttest vi utanfor
Longva Servicesenter for ein is i fineveiret. Kjekt å få med seg Per Gunnar og Daniel
som var på sin første cruising saman med SSC i sin Mazda MX5 2009 modell.
Turen gikk først til sjøbuda på Austnes, der vi lina opp bilane for og preike vidare.
Jonny Longva sin Ford Mustang 1964 ½, er eit sjeldent syn på vegane, men denne dagen
tok sonen Ole-Jonny denne raude perla ut på ein luftetur.
Ved sjøbuda vart det bestemt at vi skulle ta oss ei "svide" utom Haram også, før vi
køyrde tilbake til Longva Servicesenter igjen.
Takk for turen!!