I dag var det koselig kaffe og kake-arrangement på Barius&Kaktus. Anledningen var Miguel Pace og kompis og mekaniker Michael Fenech som har kjørt helt fra Malta til Haramsøya i en 1971-modell Austin J4 van. Formålet med turen er å samle inn penger til intensivavdelinga for barn på sykehuset på Malta. Inntektene etter kakesalget går til dette og i tillegg har de opprettet en konto til prosjektet. Så til alle dere som ikke hadde anledning til å møte i dag men likevel vil bidra til dette gode formålet kan dere sette inn valgfritt beløp på kontonummer: 4005.66.36864.
Nokre av medlemane i klubben møtte opp på Barius&Kaktus, men hovedbilen og personane lot vente å¨seg. Det viste seg at dei hadde fått problem med clutchen og låg og skrudde i ein garasje nært ved.
Når bilgalne folk som oss får høyre at andre har problem er det ikkje spørsmål om vi skal hjelpe. Då piler vi avgarde.
Det vart snart fullt av folk utanfor og inni garasjen der våre vennar frå malta låg og skrudde.
Helge og Miguel i full diskusjon inni Austinen.
Endå fleire hjelparar kom til og det vart nesten tomt rundt kakebordet på Barius&Kaktus.
Men til slutt vart Austinen flytta til riktig plass. Sjølv om det vart med slepetau. Her fekk alle prate, ete kake og drikke kaffi.
Deretter skubba ungane bilen opp på bankplassen der det vart fotografering saman med dei andre bilane.
Når tilstellinga var ferdig vart bilen blytta til Custom hallen der den skal få ny hovedsylinder til clutchen.
Miguel og Michael slitne og litt deppa etter å ha skrudd ein heil dag, men i morgon kjem nok bilen på vegen igjen. Nye delar er alt på plass.