På veg tilbake til Malta

Etter nokre kjekke men hektiske dagar på Haramsøya og Longva, samt eit meeeget velykka arrangement og kakesalg til inntekt for ei intensivavdeling for sjukehusbarn på Malta (Qalb it-Tfal) på Barius & Kaktus laurdag 26. juli, så har no våre vennar Miguel Pace og Michael Fenech, starta på heimreisa tilbake til Malta. Einaste skjæret i sjøen var at deira Austin Morris Van ikkje gikk for eiga maskin til arrangementet på Barius & Kaktus. Ein nippel til clutch slavecylinderen var gått lekk, noko som førte til nokre hektiske dagar på øyane for å gjere bilen klar til heimreisa. Heldigvis hadde Lundanes Bil 1 stk slik nippel liggande så dei fekk fiksa lekasjen. Underteikna m/fam fekk gleden av å treffe på denne trioen på Bjorli, der vi hadde ein god rast i lag. Det var kjekt å få helse på, og begge karane var ved godt mot og Vanen gikk som ei klokke :)


Rasting på Bjorli. 
 Seaside Custom er no offisiell sponsor, etter at luftebukkane i SSC hallen har vore til
velsigna hjelp då vanen var "nede for telling" :)
Skulle også helse til alle SSC medlemmar som bidrog med ei hjelpande hand og oppmuntrande ord
då Morrisen ikkje ville gå for eiga maskin under kakesalget og utstillinga på Barius & Kaktus.

 Farvel...
 og god...
tur tilbake til Malta!!