Cruising 31. august med godt oppmøte!!

Søndag 31. august var det igjen tid for ein liten cruising på øyane, og det skulle vise seg
å bli ein meeeget trivelig cruising med godt oppmøte og mange nye doningar og fjæs.

 Oss frå Longva samla oss utanfor buda der, for å køyre i samla tropp til fergekaia på Austnes.
Dette var dagens møteplass, og det var på grensa til trafikk kaos då alle skulle line opp på fergekaia.
 15 bilar og to motorsykklar hadde funne veien til fergeleie.



 Anders Rogne var med på sin første cruising i sin nyinkjøpte Cadillac Seville. Den vart sjølvsagt
grundig studert av oss andre SSC medlemmane. Kjekt å ha Anders med oss i rekkene.
 Arnt Olav stilte for anledningen med sin 650 Ducati. Kjekt med fleire sykklar i rekkene.
 Våre to nye medlemmar Henning Mattias Otterlei og Trine Otterlei tok turen i frå Lepsøya,
for å cruise saman med oss. Måtte det berre bli fleire gangar... kjekt!! 
 Denne Buick Rivieraen var også ute på sin første cruising saman med SSC i år.
Dette er ein gamal kjenning og eit veldig kjekt gjennsyn.
 Etter å ha fått med oss fergeavgangen på Austnes kl 18, så satte vi kursen mot yste Haram.
 Her inviterte Jann Edu oss inn i sin garasje, der han er starta restaureringa av sin
Ford Consul 2000L Coupe.

 Etter garasjebesøket gikk turen til Longva Servicesenter der vi handla is og "røla"
før alle for kvar til sitt.



Takk for turen folkens!!