Rapport fra Bussfest 2014

Volkswagen Bussfest er det årlege treffet for den Skandinaviske Type2 klubben, og vert arrangert på ein ny plass kvart år. Dette året hadde klubben samarbeid med Norsjø feriesenter i Telemark, og disponerte ein del av denne campen helga 18-20 juli.
Dette var eit svært avslappande treff, der det rett og slett var koseleg. Bilane var ikkje utstillt, men var i bruk som campere skal vere. Diverse aktivitetar pågikk rundt på treffet og dei som ville kunne delta.
Mykje fint og artig å sjå, og mange kjekke folk å prate med.

Bilder frå Classic Car Week, 26, juli

Laurdag ettermiddag/kveld 26. juli tok underteikna og David med oss kvar sin campingstol,
og satte kursen mot ei av rundkøyringane i Rättvik for rett og slett berre sette oss ned å sjå
på alle dei flotte bilane som sklir forbi. Det er ikkje noko unormalt ved det... for i veke 31, når
Classic Car Week pågår i Rättvik så set ein ikkje aleine i rundkøyringane og langs vegane der.
Her er ufattelig mange flotte bilar i denne vesle tettstaden denne veka og her er berre "pitte litt"
av det som rørte seg på vegane denne kvelden. Beklager dårlige og uklare bilder... det var
ugunstige forhold for eit stakkars mobilkamera og ein alt for ivrig fotograf :)

På veg tilbake til Malta

Etter nokre kjekke men hektiske dagar på Haramsøya og Longva, samt eit meeeget velykka arrangement og kakesalg til inntekt for ei intensivavdeling for sjukehusbarn på Malta (Qalb it-Tfal) på Barius & Kaktus laurdag 26. juli, så har no våre vennar Miguel Pace og Michael Fenech, starta på heimreisa tilbake til Malta. Einaste skjæret i sjøen var at deira Austin Morris Van ikkje gikk for eiga maskin til arrangementet på Barius & Kaktus. Ein nippel til clutch slavecylinderen var gått lekk, noko som førte til nokre hektiske dagar på øyane for å gjere bilen klar til heimreisa. Heldigvis hadde Lundanes Bil 1 stk slik nippel liggande så dei fekk fiksa lekasjen. Underteikna m/fam fekk gleden av å treffe på denne trioen på Bjorli, der vi hadde ein god rast i lag. Det var kjekt å få helse på, og begge karane var ved godt mot og Vanen gikk som ei klokke :)

Mission to Norway frå Malta til Norge i Austin J4 van.

I dag var det koselig kaffe og kake-arrangement på Barius&Kaktus. Anledningen var Miguel Pace og kompis og mekaniker Michael Fenech som har kjørt helt fra Malta til Haramsøya i en 1971-modell Austin J4 van. Formålet med turen er å samle inn penger til intensivavdelinga for barn på sykehuset på Malta. Inntektene etter kakesalget går til dette og i tillegg har de opprettet en konto til prosjektet. Så til alle dere som ikke hadde anledning til å møte i dag men likevel vil bidra til dette gode formålet kan dere sette inn valgfritt beløp på kontonummer: 4005.66.36864.

Besøk av NRK radio

Tysdag 22. juli hadde SSC besøk av NRK radio, noko som resulterte i eit flott innslag under ettermiddagsendinga same dag. SSC fekk fortelle litt om klubben, og reporteren rakk også ein liten cruising i Sindre Uri si Corvette Pace Car. På kort varsel og midt i fellesferien fekk SSC kalla inn ein del folk og bilar som representerte SSC på framifrå vis. Takk til alle dåkke som møtte!!

Cruising 29. juni

Søndag 29. juni var det tid for cruising igjen, og denne gangen møttest vi utanfor
Longva Servicesenter for ein is i fineveiret. Kjekt å få med seg Per Gunnar og Daniel
som var på sin første cruising saman med SSC i sin Mazda MX5 2009 modell.