Dekkskift dag 7. november

Laurdag 7. november inviterte SSC tradisjonen tru til dekkskift dag i SSC hallen.
26 køyrety fekk hjulskift denne dagen, der i blandt ein traktor og øya sin splitter nye brannbil!
Dette er litt færre enn tidligare dekkskiftdagar, men sjølv om vi no var ei veke på overtid
i forhold til anbefalt hjulskiftdato så er det ikkje mykje som tyder på vinterveiar endå.
Vi har som ei tru på at dette er noko av grunnen til at alle ikkje har funne fram vinterhjula endå.

Bli lys!!

Med rullestilaset og el-artiklar frå Longva Elektro på plass så kunne el-installasjonen
av SSC hallen starte. Tysdag 3. november vart første lyssona kobla, og karane konstatera
her at det blir ein heilt annen tilværelse i SSC hallen etter at lysrøra er komt på plass...
"BLI LYS"
  

Oslo Motorshow 2015

Bilde henta frå Amcar - American Car Club of Norway
 Under utstillinga i samband med AMCAR Norway Cruise i Hønefoss vart Bonnevillen til Ann Mari og Nils Idar tildelt Gullbillett til Motorama utstillinga under Oslo Motorshow 23-25 okt. Dermed vart det frakt og utstilling av Ann Mari og Nils Idar sin flotte 1958 mod. Pontiac Bonneville på Oslo Motorshow 2015!!!

Arbeidslaurdag 17. oktober i SSC hallen

Laurdag 17. oktober kom rullestilaset frå Brian & Per´s på plass.
No starta arbeidet med å koble lysarmatur i taket. Harald var også på plass
med gravemaskina for å rydde rundt hallen og utvide parkeringsplassen.

Arbeidslaurdag 12. september på SSC hallen


Arbeidslaurdagen 12. september var ein veldig effektiv dugnad. Vi fekk måla veggar og olja golv i vifterommet, slamma veggar, gravd ned septikktank med tilhøyrande rør og laga til område nedom hallen.

Cruising til Båt & Bobilfestival, Haramsøy småbåthavn

Helga 21-23. august arrangerte Haramsøy Småbåtlag Båt & Bobilfestival
i småbåthavna på Austnes... ein ypperlig destinasjon for SSC sin cruising.

Hot August Night´s 2015, Trondheim

På seinsommaren 6. august tok Bente Holten og Olav Arne Nogva turen til Hot August Night’s i
Trondheim med sin Buick Riviera. Dette var siste stopp for AMCAR Norway Cruise, 
som vart markert med ei storstilt jubileumshelg. 
Ann Mari og Nils Idar i sin Pontiac Bonneville var også med på turen.
Olav Arne har tatt ein del bilder frå helga... god fornøyelse!!

AMCAR Norway Cruise 2015

I 2015 feira Amcar sitt 40 års jubileum med eit storstilt AMCAR Norway Cruise. Nils Idar Rogne og Ann Mari
Kjellstad Rogne deltok på starten av AMCAR Norway Cruise i Hønefoss, via Tyrigrava og til Lillestrøm med
sin Pontiac Bonneville. Deretter hoppa dei på cruisingen igjen i Molde og var med kortesjen heile vegen
sørover til Haugesund. Jon Ole Flem og Inger Karin Eidem Flem deltok også med sin Trans Am,
og var med på cruisingen frå Ålesund til Haugesund.

Midtsommar cruising til Lepsøya

Søndag 28. juni var det Sommarkafé på småbåthavna på Lepsøya, 
og i den annledning la SSC sin cruising til Lepsøya. På ferga over til Lepsøya
vart vi overaska over ein nydelig flott restaurert 1929 mod. Henderson motorsykkel.
Det var Jan-Kåre Vadset som også ville vere med på midtsommar cruising. KJEKT!!

Karjol & kaffi, rekebuffet og pub, Nasjonal Motordag 6. juni

Laurdag 6.juni markerte SSC Nasjonal Motordag då vi inviterte til Karjol & kaffi
ved SSC hallen. Seinare på kvelden var det rekebuffet og pub på Gunnabuda.

Blå røyk i Ørsta

            Laurdag 30.mai herja brødrene Kjellstad i Ørsta, då American Car Club Ørsta/Volda
inviterte til dragrace i forbindelse med Sunnmørstreffet. Helge sørga for å lage blå røyk
med Chevella, og Anders var ut på og gassa med sin Nissan SX200, då ein i år også fekk
sleppe til med ikkje amerikanske bilar. Sjå fleire bilder på Møre-Nytt

17. mai cruising

Seaside Custom sin cruising ut på kveldinga 17. mai er blitt ein fast tradisjon, og tradisjonen tru møtte ein heil masse flott pynta bilar og sykklar ved Coop marked Longva også i år!!

Vårmønstring i Fosnavågen 1.mai


1.mai var det igjen klart for vårmønstring  ved Herøy kulturhus og Herøyhallen. Det er Amcar Ytre Sunnmøre  som står for dette arrangementet, som etter mange år er startskotet for mange entusiastar.
I år kom det 204 amcars, 76 MC og det var 8biler i gjesteklassa. 7 av bilane var frå Seaside Custom og ein god handfull av dei 3500 gjestane var og frå vår klubb. Det var eit veldig koseleg arrangement i flotte omgivelsar. Eit utvalg av doningane ser du om du går vidare på linken.

Vårslepp 2015

 Søndag 26. mai inviterte SSC til årets første cruising. Oppmøte var ved Nordøy Grendahus kl 15.00
men veiret tatt i betraktning så såg det heile noko dystert ut. Med berre 4-5 grader, regn og til tider
snøv i lufta, så var det ikkje akkurat duka for noko cruising. Det skulle vise seg at våre SSC
medlemmar likevel var ivrige på å starte sesongen!!

Arbeidslaurdag 18. april i SSC hallen

Laurdag 18. april var det nok ein gang duka for arbeid på SSC hallen, og sjølv om oppmøtet var
litt meir labert enn tidlegare laurdagar, så fekk ein gjort ein heil masse likevel. Ekstra kjekt var det
at Michael Wollfs tok turen frå Ålesund for å hjelpe til!!

Les meir om laurdagens "strabaser" på SSC forumet her!! 

Dekkskiftdagen 11. april

Ila dekkskiftdagen I SSC hallen laurdag 11. april, vart 120 hjul skifta og 7 liter vaffelrøre solgt!!
Og SSC er godt nøgde med dagen!! Tusen takk til alle gode medhjelpara, og ikkje minst alle
som tok turen innom SSC hallen for å skifte hjula sine der. Takk for støtta

Klar for utleige, 15. april

 I løpet av dei nærmaste dagane vil våre medlemmar finne giroen for årets SSC medlemskap i postkassa,
og i år har du mulighet for å betale for eit aktivt medlemskap i klubben. Det aktive medlemskapet kostar
kr 400,- pr. år og er for dei som ynskjer og gjere seg nytte av løftebukkane og anna felles utstyr i SSC hallen.
Aktivt medlemskap kjem i tillegg til vanlig medlemskap/støttemedlemskap.

Arbeidslaurdag 14. februar


Meeeget god innsats på arbeidslaurdagen i SSC hallen 14. februar!!
Takplatene og begge golva i teknisk/vifterom kom på plass, takka vere godt oppmøte og framifrå innsats. Ein fekk til og med tid til å platekle meir vegg også. Neste arbeidslaurdag er 14. mars.

Takk til Sparebanken Møre

Kvart år deler Sparebanken Møre ut tusenvis av kroner til allmenyttige formål gjennom
På tampen av 2014, fekk Seaside Custom svar på sin søknad, som kunne fortelle at
SSC hadde motatt kr 40.000,- gjennom "Gullkornordninga" og Sparebanken Møre.
Det er med stor glede Seaside Custom mottar disse pengane, som kjem veldig godt
med i den vidare bygginga av SSC hallen. Tusen takk!!


SSC kalender 2015

Då er årets SSC kalender sendt til printing. Ynskjer du å slå kloa i ein eller fleire av disse kalendarane så må du ta kontakt med Trond Ravnestad tlf: 90 01 45 21. (begrensa opplag!!) Størrelsen er 50x70cm og prisen er kr 100,- slik som tidligare år. Løyp å kjøyp!! Evt. frakt i posten kjem i tillegg.