I løpet av dei nærmaste dagane vil våre medlemmar finne giroen for årets SSC medlemskap i postkassa,
og i år har du mulighet for å betale for eit aktivt medlemskap i klubben. Det aktive medlemskapet kostar
kr 400,- pr. år og er for dei som ynskjer og gjere seg nytte av løftebukkane og anna felles utstyr i SSC hallen.
Aktivt medlemskap kjem i tillegg til vanlig medlemskap/støttemedlemskap.
Alle som tegnar aktivt medlemskap må ha ein gjennomgang i bruk av utstyr i SSC hallen,
innføring og forståelse av felles husreglar, samt signere ein avtale som viser at du har fått opplæring
på utstyret og at du har forstått felles husreglar.
Etter dette kan du kome og gå som du vil, og her er litt av faeselitetane.
Etter dette kan du kome og gå som du vil, og her er litt av faeselitetane.
Dei to løftebukkane (4-søylar 3000kg, 2-søylar 4000kg) er dei to viktigaste faselitetane i tillegg
til eit meget romslig lokale og boltre seg på. Ved sida av løftebukkane har vi laga til ein romslig
arbeidsbenk der du også finn fleire skrustikker, ei lita platesaks, og plateknekke.
(Vi har også platesaks, plateknekke og valse av større kaliber tilgjengelig)
(Vi har også platesaks, plateknekke og valse av større kaliber tilgjengelig)
Ved sidan av arbeidsbenken finn du også ei 40-tonns presse, og ei god gamal søyleboremaskin.
I dette hjørne jobbar vi med å få til ei sveisekrå, med arbeidsbenk for sveising, og eige avsug.
Sveiseapparatet på bilde er også tilgjengelig for deg med eit aktivt medlemskap i klubben.
Sjølv om vi no åpnar opp for bruk av felles utstyr i hallen, så er det fortsatt mange ting som
skal på plass... slik som f.eks el-instalasjon, men SSC synest likevel at det er fullt mulig å utføre
arbeid på doningen pr. i dag. så får vi ta ting etterkvart.
Om du ikkje er SSC medlem i dag, så er det fullt mulig å bli det, og tegne aktivt medlemskap du også!!