Vårslepp 2015

 Søndag 26. mai inviterte SSC til årets første cruising. Oppmøte var ved Nordøy Grendahus kl 15.00
men veiret tatt i betraktning så såg det heile noko dystert ut. Med berre 4-5 grader, regn og til tider
snøv i lufta, så var det ikkje akkurat duka for noko cruising. Det skulle vise seg at våre SSC
medlemmar likevel var ivrige på å starte sesongen!!

 Vi var i alt 15 bilar som deltok, og parkeringa ved Grendahuset vart etterkvart fyllt opp.
 Helge stilte med nyinstallert elektronisk tenning, som sjølvsagt matte inspiserast. 
 Turen gikk om Nogva, deretter utom kyrkja på Haramsøya før vi stoppa ved Barius & Kaktus
på Austnes. Her var der bilar av alle årstall og merker. Audi, Chevrollet, BMW, VW, Lincoln
Pontiac, Chevrollet og ei boble ytterst I rekka. I tillegg var også japansk og engelsk representert.
Litt prat rundt bilane... 
 før vi trekte inn på Barius & Kaktus.
Her bydde Mayura Boonsang på følgande meny:
  Pad ka prow gai ( kylling med oyster saus m/ chili )
Svinekjøtt i sur&søt saus.
Biff med pepper saus.
Vårrulla.
    Ris krem m/ bringebæsaus.

Det spørst om denne menyen var årsaken til det gode oppmøte trass det dårlige veiret :)
Takk for turen folkens, vi samlast igjen til cruising ut på kvelden 17. mai!!