Karjol & kaffi, rekebuffet og pub, Nasjonal Motordag 6. juni

Laurdag 6.juni markerte SSC Nasjonal Motordag då vi inviterte til Karjol & kaffi
ved SSC hallen. Seinare på kvelden var det rekebuffet og pub på Gunnabuda.

 
kl 13.30 åpna vi hallen og kaféen og flotte bilar, sykklar og folk begynde og sige på.
Mange tok turen innom for ein kaffi og ei kake, for å studere doningane og for å prate,
19 bilar og ein sykkel var å sjå, i og rundt SSC hallen denne dagen.
Ein noko modifisert Opel Omega, med 20" felgar, skjermbredding, Opel Calibra lykter,
frontspoiler og ei kloning  mellom Omega og Calibra framskjerm... blir vel bil av dette også.
Denne Volvo 240'en er akkurat annkomt øya, og den lykkelige eigar er
Daniel Longva Dybvik. Her er det feite felgar, senk, hekkspoiler, kvite blinkers,
R-Sport interiør, full rekke med instrument i dashbord, B230 med turbo og pustande
dump-ventil... denne bilen varmar underteikna sitt Volvo hjarte!!
Olav Skarstein sin 240 er heller ikkje noko dårlig eksemplar. Bilen har vore i hans
eige sidan den var ny, og er velholdt som få. Bilen er så og seie orginal, men fekk
ettermontert turbo når den var ny.
Det gledar underteikna at Volvo miljøet blomstrar... her er nok eit nyannkomt eksemplar.
Dette er Kristian Rudi Longva sin Volvo 740 som far og son har pussa på no fram til lappen
er i boks. 740,en har fått 940 front, lakka støtfangar, ei smakfull frontlippe, kvite blinkers,
hekkspoiler, tona ruter, og Eiker felgane som passa perfekt!!
Helge Kjellstad Rogne stilte ut sin Hummer, etter ein hektisk kveld i forkant då
fordelingskassa skulle monterast... Stilig bil med store 22" "bling-bling" felgar!!
Fredrik Urke stilte med sin Chevrolet Tahoe, og nye 20" felgar for annledningen.
"Wagon Mafia" Rune Kvam med sin laaave BMW stasjonsvogn, Knut Jarle Dybvik
med Honda, og Tommy Røynstrand sin Volvo V70-R (Sleeper) i bakgrunnen :)
Veirgudane velsigna oss med nydelig veir utan alt for mykje vind, så ein kunne
nyte ei kake og ein kaffi ute i det fri.
Flotte bakendar!!
Andreas Ulla var einaste biker denne dagen... her er plass til fleire MC'ar!!
Ann Mari og Nils Idar sin nyyydelige Bonneville.
Helge Kjellstad Rogne tilbake frå herjingane i Ørsta, med "racing" nummeret i
frontruta frå forrige helg.
Vilde sto for kiosksalget, med assistanse frå Ida og kakene og kaffien gikk unda!!

STOOOR takk til kakebakarane, Karianne og Per Gunnar, Tanja og Harald,
Ann Mari og Nils Idar, og Frøydis, 1000 takk!!
God stemning i solkroken.
Denne flotte Camaro Z28'en er Jan Erik Eidem Flem sin siste invistering.
Denne også er akkurat annkomt øya og vart henta i Trondheim.
Ingen dum ungdomsbil dette!!
I firetida løyste vi opp ved SSC hallen og satte kursen mot fergekaia på Austnes.
Her vart vi ståande ein halvtimes tid før andre etappe gikk ut til yste Haram




Lang lang rekke på yste Haram. Returen gikk oppom byggefeltet på Austnes,
for cruisingen løyste seg opp og alle for kvar til sitt.
Neste stopp var Rekebuffet og pub på Gunnabuda kl 20.00. Det vart ein veldig
sosial aften med nesten 40 til bords i dei flotte publokala nede på Gunnabuda.
Takk for ein alle tiders dag og markering av Nasjonal Motordag ved SSC hallen,
og ein veldig trivelig aften på Gunnabuda!!