Midtsommar cruising til Lepsøya

Søndag 28. juni var det Sommarkafé på småbåthavna på Lepsøya, 
og i den annledning la SSC sin cruising til Lepsøya. På ferga over til Lepsøya
vart vi overaska over ein nydelig flott restaurert 1929 mod. Henderson motorsykkel.
Det var Jan-Kåre Vadset som også ville vere med på midtsommar cruising. KJEKT!!
Jan-Kåre Vadset ventar på ferga på Skjeltene med Lepsøya i bakgrunnen.

Då vi annkom Kjerstad fergekai, køyrde vi i kortesje til Rønstad så langt vegen rakk... 

Her vart det litt trafikk kaos og vi måtte opp i hagen og nesten in i garasjen til folk
for å løyse floken. Ordna seg til slutt etter litt "mikk-makk"

Deretter satte vi kursen mot Hellevika. Her venta vi ei lita stund på nokre turgåarar
som hadde gått kulturstien og hadde bestilt skyss tilbake til småbåthavna.



Utsikta bak styret.


Ved annkomst småbåthamna på Kjerstad, så lina vi opp sykklane og bilane,
og så kunne vi kose oss på sommarkaffe medan vi venta på ferga i retur.

(Linselus)

Det vart ein flott tur med tørre vegar, og med gode kaker og vaffler på
småbåthavna så lei vi slett ikkje noko naud!!

Video: Annkomst Kjerstad fergekai på Lepsøya.