Dekkskift dag 7. november

Laurdag 7. november inviterte SSC tradisjonen tru til dekkskift dag i SSC hallen.
26 køyrety fekk hjulskift denne dagen, der i blandt ein traktor og øya sin splitter nye brannbil!
Dette er litt færre enn tidligare dekkskiftdagar, men sjølv om vi no var ei veke på overtid
i forhold til anbefalt hjulskiftdato så er det ikkje mykje som tyder på vinterveiar endå.
Vi har som ei tru på at dette er noko av grunnen til at alle ikkje har funne fram vinterhjula endå.

Bli lys!!

Med rullestilaset og el-artiklar frå Longva Elektro på plass så kunne el-installasjonen
av SSC hallen starte. Tysdag 3. november vart første lyssona kobla, og karane konstatera
her at det blir ein heilt annen tilværelse i SSC hallen etter at lysrøra er komt på plass...
"BLI LYS"