Dekkskift dag 7. november

Laurdag 7. november inviterte SSC tradisjonen tru til dekkskift dag i SSC hallen.
26 køyrety fekk hjulskift denne dagen, der i blandt ein traktor og øya sin splitter nye brannbil!
Dette er litt færre enn tidligare dekkskiftdagar, men sjølv om vi no var ei veke på overtid
i forhold til anbefalt hjulskiftdato så er det ikkje mykje som tyder på vinterveiar endå.
Vi har som ei tru på at dette er noko av grunnen til at alle ikkje har funne fram vinterhjula endå.

 Vi hadde åpent frå kl 10-14 og det var fullt hus heile dagen. Kjekt med nyplanert parkeringsplass,
der det heile tida var god plass og lett og parkere for dei som annkom.
 Begge løftebukkane i sving heile dagen, og 3 dekkskift team som rullerte på å drifte bukkane.
Ein velsmurt arbeidsstokk, med framifrå innsats!! 
Inne i klubbrommet til SSC sørga Per Gunnar Øines for salg av førsteklasses vaffler, kaffi og brus,
medan 3 representantar frå UFØ (Ungdomsrådet for øyane) utfordra til ein trafikkrelatert quiz.
Ei flott førstehjelpspute til bil var premien. Mange hadde 10 av 10 riktige svar, av disse
var det Karsten Ulla som vart trekt ut som den heldige vinnar.
Det vart også delt ut refleksvestar og refleksband med TFØ og SSC logo til alle som skifta
hjul hos oss. Dette var sponsa av TFØ (Trafikksikringsfondet for øyane).
Stor takk til både TFØ og UFØ.
Seaside Custom fekk også gleden av å skifte hjula på øya sin nye stoltheit,
den splitter nye brannbilen vår. Den gikk akkurat in porten.
 Helge skifta hjul på sin Hummer...
og då klarte vi ikkje å dy oss... vi måtte berre sjå korleis brannbilen tok seg ut med
24" "bling-bling" felgar og lavprofil dekk. Kan kanskje låne dei i sommarhalvåret?

Seaside Custom vil takke alle gode hjelpara og ikkje minst alle som støttar
klubben med å ta hjulskifte i SSC hallen denne dagen.
1000 takk!!