Bilder frå Karjol & kaffi

Laurdag 4. juni inviterte Seaside Custom til Karjol & kaffi i og rundt SSC hallen på Rogne.
Sola skein frå blå himmel, men kraftig nordavind trua med å legge ein dempar på det heile.
Tross mykje vind så vart det ein flott og sosial dag og ei flott markering av Nasjonal Motordag
(litt på forskudd) då den gikk av stabelen 6. juni.

Karjol & kaffi, rekebuffet & pub 4. juni




Arbeidslaurdag 21. mai

Laurdag 21. mai var det nok ein gang stor aktivitet på SSC hallen,
då sutaket på klubbrommet skulle på plass og parkeringsplassen rundt
skulle ryddast og jamnast. Sjå fleire bilder på SSC forumet her!!

17. mai cruising

17. mai = Cruising for Seaside Custom, og i år var intet unntak.
Nokre nye bilar dukka også opp bla. denne flotte 1969 Pontiac Firebird'en

Vårslepp, 30. april

Laurdag 30. april vart cruising sesongen på Nordøyane offiselt åpna, då SSC
inviterte til sitt årlige Vårslepp. Møteplassen var ved SSC hallen kl 15,
SSC bydde på vaffler, brus og kaffi og oppmøte var upåklagelig.
Det vart ei trivelig stund i og rundt SSC hallen, i det nydelige vårveiret!!

Arbeidslaurdag 23. april

Laurdag 23. april vart ein meeeget effektiv dag på SSC hallen, då bla. takstolane
over klubbrom og mellombygg er komt på plass. Framifrå innsats på alle dei oppmøtte og fasaden
på hallen begynde no å ta form. Overbygget framfor klubbrommet, blir tak over ei fin lita
«rølekrå» med bla. benkar og gamle bensinpumper!!
Ikkje nok med det men Anders (Rogne Maskin) fekk gravd fram vassledninga og 
kobla på vatne til SSC hallen, så no har vi innlagt vatn også. "Det er godt alt som er gjort" :)

Dekkskiftdag vel overstått

Laurdag 2. april var det dekkskiftdag i SSC hallen. Dette var kanskje litt tidlig for
mange då det ikkje møtte opp like mange kundar som tidligare. Berre 20 bilar fekk
sommarskoa på (mot tidligare 30). Sett bort i frå dette så var dagen alletiders...
topp stemning og nydelig god vaffler!!

Fotoshoot til Autofilartikkel

I begyndelsen av mars fekk SSC ein hyggelig henvendelse frå ein
Bergen journalist ved navn Paal Kvamme som bla. skriv for bladet Autofil.
Sidan han hadde nokre ærend på Flemsøy/Skuløy påskeveka, så ynskte
han å lage ein artikkel om SSC, SSC hallen og motormiljøet på øyane.
SSC takka sjølvsagt ja til eit slikt tilbud...

1929 A-Ford prosjekt på Rogne

Nytt og spennande prosjekt på Rogne... ein 1929 mod. A-Ford,
og den nybakte og lykkelige A-Ford eigaren er Dag Nogva.

Arbeidslaurdag 20. februar i SSC hallen

Laurdag 20. februar var det nok ein effektiv dag i SSC hallen.
Då vart bla. golvet i teknisk rom prima og det vart lagt avrettningsmasse der.
Det vart lagt/montert kabelskinner og det vart fiksa og sveisa på arbeidsbenken.
Sveisebordet i sveisekråa kom også på plass (bilde).

Arbeidslaurdag 30. januar i SSC hallen

Laurdag 30. januar vart det lagt golv på hemsen over teknisk rom.
Her er utsikta ut over hallen frå gluggen oppe på hemsen.
Fleire bilder her!!