1929 A-Ford prosjekt på Rogne

Nytt og spennande prosjekt på Rogne... ein 1929 mod. A-Ford,
og den nybakte og lykkelige A-Ford eigaren er Dag Nogva.


 Bilen vart lokaliserte på Voss, og blei frakta trygt heim på SSC tralla 9. mars 2016

A-Forden er nokså komplett, men manglar motor og gir.
I følge eigaren så er ikkje dette noko problem, då planen er å putte inn ein V8 samt
å oppgradere køyreegenskapane ein smule med litt meir moderne understell...
då snakka vi vel Hot Rod då?? :) :) :)

Bilen treng mykje godt arbeid og kjærlig omtanke før den igjen kan rulle rundt
på vegane... men SSC skal heie på deg Dag heile vegen!!