Fotoshoot til Autofilartikkel

I begyndelsen av mars fekk SSC ein hyggelig henvendelse frå ein
Bergen journalist ved navn Paal Kvamme som bla. skriv for bladet Autofil.
Sidan han hadde nokre ærend på Flemsøy/Skuløy påskeveka, så ynskte
han å lage ein artikkel om SSC, SSC hallen og motormiljøet på øyane.
SSC takka sjølvsagt ja til eit slikt tilbud...

SSC samla troppane for annledninga, og sjølv om det var litt tidlig sesong,
så var det likevel gledelig mange som stilte opp med godbilen for å smile til fotografen.

  Sjølv om SSC har utvida parkeringa rundt SSC hallen, så vart det likevel trangt om plassen.

 Etter ein del fram og tilbake, så fekk vi plassert alle bilane slik at dei var innanfor kameralinsa.



 Det vart også tatt ein del bilder med bilar inne i hallen.

 Paal i aksjon...

 Her er det nokre detaljar på Bonnevillen som skal forevigast.

Så blir det spennande å sjå om det blir noko Autofil artikkel av det,
og evt. når det kjem på trykk.

Takk for oppmøte folkens!!