Dekkskiftdag vel overstått

Laurdag 2. april var det dekkskiftdag i SSC hallen. Dette var kanskje litt tidlig for
mange då det ikkje møtte opp like mange kundar som tidligare. Berre 20 bilar fekk
sommarskoa på (mot tidligare 30). Sett bort i frå dette så var dagen alletiders...
topp stemning og nydelig god vaffler!!

 Vi starta kl 10 og held det gåande til kl 14. Der var bilar i begge bukkane fram
til ca kl 12... men då begynde vi å få ein del ledig kapasitet.

 Då vart det tid til ei vaffelpause i klubbrommet.

 Så var det på an igjen...

 Frode sto i kiosken, og han bydde på vaffler, kaffi, brus, "sjokkis" og pølse m/brød.

 Det vart etterkvart langt mellom hjulskifta og då var det god stemning i kaféen.

 Døtida nytta vi til å skifte hjula på brannbilen, ta ein grundig sjekk av biltralla,
samt kontrolere at løftebukkane var "ship shape".

Takk til alle som skifta hjula og tok turen innom SSC hallen, og nok ein gang
1000 takk til alle hjulskiftara og hjelpara denne dagen...
dekkskiftdagen er ikkje gjennomførbar utan dykkar innsats!!!!