Bilder frå Karjol & kaffi

Laurdag 4. juni inviterte Seaside Custom til Karjol & kaffi i og rundt SSC hallen på Rogne.
Sola skein frå blå himmel, men kraftig nordavind trua med å legge ein dempar på det heile.
Tross mykje vind så vart det ein flott og sosial dag og ei flott markering av Nasjonal Motordag
(litt på forskudd) då den gikk av stabelen 6. juni.
 
SSC hadde aliert seg med disse kjekke tausene, som sørga for at salget
av alle disse nydelige kakene gikk på skinner.
1000 TAKK TIL ALLE KAKEBAKARANE!!

God stemning i klubbrommet, og praten gikk livlig.
Leik med småbilar var det plass til også.

SSC var så heldige å få stille ut A-Ford prosjektet til Dag Nogva.
Johann Ole og Ivar Arne Fjørtoft tok turen med denne nylige veteranen frå
1984, som har stått vekklagra i 11 år. Men no er den tilbake på vegen.
Medlem av Tørvå MC.



Trans AM så langt auga kan sjå!!


Denne flotte 1979 mod. Trans Am'en annkom øya nokre veker før, og dei lykkelige
eigarane er Ann Iren Rogne og Vegard Tvedt.

Veldig tøft med blåaktig innredning, blåtona ruter, nydelig blå metallic lakk og
blå ørn på panseret!!


Fredrik Urke sin 1970 mod. Oldsmobil Cutlass S 455 Rocket.
Denne annkom øyane tidlegare i vår.
Ikkje heilt ulik Helge sin Chevelle, men likevel mange detaljar som skiller dei.
Artig å studere likheit og ulikheiter når dei sto slik side om side.



Knut stilte med sin Adelaide, som er oppkalt etter ein by i Australia som har
arrangert F1, ein sving på Magny-Cours bana i Frankrike, og sist men ikkje minst
den siste dronninga av England frå huset Hannover... Fint skal det vere :)

Roadster Fiona og Rover SD1 til Harald.

Jan Erik sin flotte 1969 mod. Pontiac Firebird med Corvette LS1 motor.


Sjølv om det blåste sterk nordavind frå alle kantar denne dagen... så var det
tru det eller ei, heilt vindstille i den krå på SSC tomta der benkane var (strategisk) plassert.

Frode sin 1974 mod Volvo 145

Gutta boyz klar for cruising!!

Cruisingen gikk til Austnes, der vi lina opp ved kirka. 
Årets fire nye tilskudd i klubben, på rad og rekke. Lengst vekk frå kameralinsa,
ser du Sindre Uri sin mosegrønne Caddillac Convertible.




Eit nydelig flak av ein bil!!







TAKK FOR LAGET FOLKENS!!