Han Buster sto ganske mange år og rusta før den vart slepa heim i garasjen vår i 2004. Det første som måtte gjerast var å bytte dynamo og å sette inn eit friskt batteri. Så sjekka vi olje og så prøvde vi å dra den rundt. 
Det gjekk heilt fint så då kinna vi og gav han ein "dæsj" startgass inn i luftfilteret og då gjekk han i gang.

Det neste steget vart då å sende ei bestilling til Økonomideler for å få det mest nødvendige. Nokre nye lykter, filter, sikringsboks og slanger til radiatoren var det som måtte til for å bruke den første sesongen.

Bytta mansjett på girstanga og skifta olje der og. Dette fordi den gamle mansjetten var  borte og girkassa var full av vatn. Girolja såg ut som sjokomelk og gjorde det vanskeleg å gire.


Etter første sesong hadde eg hatt eit par leie episodar fordi styresmekka var full av slark. Ca 3/4 runde før det var noko tak.

Tok derfor å demonterte heile greia. Og der inni fann eg alt med unntak av lager.

 


Her er eit bilde av styresnekka når den er åpna. Det var svert vanskeleg å finne ut noko om disse snekkene. Dei fleste eg snakka med viste at dei brukte å vere slitt og at lager var vanskeleg å finne.

Dei originale lagera er ikkje råd å få tak i.
Det går å bruke andre lager og bearbeide rattstanga.
Eller det går å bruke glideforinger som det eg skal gjere. Disse er dreia i acetal, etter mål som eg tok når eg delte snekka.

 
    

 

 

Når eg først var i gang med snekka vart det til at eg demonterte fronten på traktoren og.
Delene hadde virkeleg behov for litt omsorg.
Det var mykje rust i alle skøyta og fleire plassar var det hol.

 

Legg merke til den gamle lykta som nesten var rusta bort.
Panseret var og fult av hol.

 

Her har er begynt å jobba med frontstykke.
Det var ikkje enkelt å få til fine sveisar. Grunnen til det var mest truleg
at sveisaren var urøynd og gjorde for lite reint runt der han sveisa, men det gjekk betre etter kvart.

 

 

Her har panseret fått ein omgang med nye platebitar.

 

Her er delene tilbake i garasjen heime for sparkling og grunning

 

Panseret har fått seg litt sparkel og skal pussast før raud fargen skal på.

 

Her er luftfilter boksen og den nyoverhalte snekka.

Med Volvo BM raud emaljelakk frå Økonomideler vart delene blanke og fine igjen.

 

Her er den nyoverhalte snekka koma tilbake på plassen sin.

Det var hol i setet også, men det fiksa Trond for meg ein kveld.
Pent arbeid gjorde han og.

Når målinga likevel var framme vart fremre del av Busteren også gjort rein og måla raud.

Trond i bakgrunnen hjelper til for å få lov til å køyre litt traktor til våren.

Sjå kor fin.
Litt småfiks gjenstår, men etter at bildet blei tatt starta det å snø, og det gjer det enno.
Derfor har Buster vore opptatt med brøyting.

Styresnekka er veldig behageleg. Nå er det berre litt slark i styrekulene, men det er så lite at det har ingen ting å seie.

Ny eksospotte og grill som er lakka med kromlakk gjer sitt til at Busteren ser frisk ut.
No blir det ikkje gjort noko meir med Buster før vi er ferdig med å sage og køyre heim ved, men det kjem sikkert bilder frå skogen. Følg med.

Her har Buster fått kome inn og eg har starta på jobben med å bytte clutch. Eg ville kløyve traktoren først for å sjå om det var enkel eller dobbel clutch i den. Enkel clutch har ei trykkplate som kobler ut og inn drev og kraftuttak samtidig, mens dobbel clutch har to trykkplater der ei styrer drev og den andre som er litt mindre og ligg inne i clutchhuset styrer kraftuttaket.

På høgre side må batteri og batterikasse, kablar, hydraulikkpumpe stag og trykkrør forhydraulikk pumpe, dieselrør til fødepumpe og slange for innsuget løysast.

På venstre side må styrestaget løysast bak på styrearmen. Sugerøret til hydralikkpumpa må løysast på tanken. Stoppwire, gasstag vert løyst på hovedpumpa. Temperaturføler og oljetrykksføler løyser ein på blokka..Og dieselrør på reservoar for returen og braketten til dette løyser ein i bakkant av topplokket.
Her er eg ferdig og dele og har fått skrudd av clutchen slik at ein ser svinghjulet.

Clutchen var festa med 8 skruar og har også ein styretapp.

Her er bakparten med utløysarlageret.
Her er sjølve framdriftsplata som ligg opp på clutch huset.
Her er eit bilde på korleis eg gjorde det når eg skulle dele traktoren. Eg bygde opp under framparten til det var 5mm at oppunder. Så slapp eg ut luft av framhjula til buken kvilte ned på bukkane.

Deretter brukte eg garasjejekken på bakparten. Sidan den er lita løftehøgd på bygde eg opp under den med dekk og ei brei fjøl.

Når alt av skruar var fjerna rundt clutchhuset lirka eg litt med jekk og bakhjul og då gjekk det fint å skille dei to delane.

Buster i drift igjen med ny clutch. Det gjekk heilt smertefritt å skifte clutchen, men eg må innrømme at eg hadde hjelp av verstedhandboka.

Einaste eg gløymde var å åpne dieselkrana under tanken når eg var ferdig. Det førte til at det stoppa fordi den var tørr for diesel. Måtte lufte og så gjekk den som ei klokke.

Her har eg henta vedakløyvar på Flem og er klar til å kløyve vinterved.

For å kunne bruke kløyvaren måtte eg bytte ut hydralikk koblinga. Den som sto på var av gamletypen. Fekk låne ei Eurokobling. Skal på FK i morgon å få meg ei sjølv. Dette må vere i orden.

 

Her har eg kome meg på plass og har kløyvd første trillebåra. For dei som ser godt , ser dei at returslangen går fram til tanken framom rattet.

I løpet av dagen opdaga eg ein ny svakhet som eg har venta på. Returrøra på dieselen som går til reservoaret for termostarten har begynnt å leke. Får vel skru laust og lodde på nokre nye rør når eg er ferdig med veden.