![]() |
Denne Grepa trøbilen Brukte eg og brødrene mine heime på Breim når vi var små.
|
Den vart henta med melkebilen som han far køyrde. Og eg meinar at vi henta den i Førde (Førs) ei lita bygd i sydenden av Breimsvatnet. |
Når eg tok med bilen på flyttelasset til møre mangla det nokre deler. Blant anna to av dei originale hjula. Og fronten var laga runde hol i for montering av lykter. Heldigvis fann eg ein delebil på Åkre som eg fekk kjøpe. Den var svært rusta i karossen, men hjula var ok. Fronten laga eg strre åpning i som eg etterkvart skal lage grill i. |
Bilen var lakka om ein gong på slutten av 70-talet. Då vart den originale blåfargen erstatta med grå spraylakk og dekor i orange domåling. Den fekk og dekaltrimming i form
av Volvo, Castrol og Arena klistermerker. |
Her har prosjektet kome litt i gang. Den gamle måling vart fjerna med malingsfjerner og universal grunning vart spraya på. Dette vert eit prøveprosjekt når det gjeld lakk og lakking.
|
Jakob har bestilt flammelakk. Og pappa er heiltent på det. Skissa er laga og Jakob har bestemt fargar. |
Ein lakkerer ville nok rive seg i håret over dårleg forarbeid, men her vert det ein røff custom stil. Her er bilen ferdig lakka innvendig, maskert og grunna med slipegrunning. |
Slik ser bilen ut no. Men om Jakob og Ida ikkje skal vokse ut av bilen før dei får prøvd den må den vere klar til våren.
|
Vel
våren har gått og bilen har stått på garasjeloftet og venta, mens eg har
drive med andre prosjekt. Men no var det klar for meir lakk.Eg er ikkje
noko erfaren lakkerar, men lysta til og lære er der så då får ein berre
prøve.
|
Her
er eit par strøk kvit lagt. Ser fint ut på avstand. Men ein må tenke at
dette her må reknast som ein old school hot rod trøbil så platene skal ikkje
vere heilt rette. |
Her
har eg maskert for å lakke overdelen svart. |
Her
har eg lagt det svarte. Då kan ein sjå den feilen eg har gjort veldig godt.Flammane skal leggast i gult og raudt og det dekker dårleg på svart. Derfor skulle bilen vore kvit heilt fram på den nedre delen. |
Så
vart eg plutseleg veldig ivrig og gløymde å ta bilder. Men etter at eg la
den gule flammen maskerte eg om for å legg dei raude flammane.Eg brukte nokre tynne tapestriper som egentleg er bildekor for å maskere buene. Det er ikkje å anbebale for limet på dei herdar og kan dra med fersk lakk. Skal bruke Fine Line Tape neste gang. |
![]()
Eg brukte ikkje malar denne gangen så her er det berre nesten symetri. |
![]()
No skal eg monter interiør og nylakka understell. |
![]()
Ny grill er også på gang. |
|
|