![]() |
|
|
Denne mopeden er
frå 1959 og er ein 2-girs trømoped. betegnelsen er Type258.
Bildet her er frå 1999. Då starta første del av oppussinga. Felgar og dekk blei satt istand. Wirer og kjede kom på plass og ny tennspole vart montert. |
Tanken var svært bulkete og lakken på heile mopeden var dårleg. |
Før
og under oppussinga har eg lest annonser i alle svenske og norske bilblad.
Det er ikkje mykje Raufoss deler å finne i annonser, men eg var heldig
å finne rette mann på Raufoss. Han hadde ei lita annonse i Norsk motor
veteran. |
Eg viste ikkje noko om
mopedmotorar før eg begynte med denne. |
Eit bilde av motoren i fugleperspektiv. Zundapp motor med Bing forgasser. 2hk,49ccm. To gir betjent frå håndgrepet på styret. |
Sommeren 2003 var mopeden køyrbar, men utan skilt. Med dei gamle hjula og dårlege wirer og lite bremser var den noko rufsete. Så ut på hausten vart det til at eg plukka den ned og starta oppussinga. Når eg starta å pusse var det ein del rust under der det hadde vore sår i lakken. Så det meste av delene var pussa inn til reint metal. |
Eit bilde av ramma under nedpussing. |
Dei gamle hjula var heilt
oppbrukte, så nye felgbaner og nav vart handla inn. Sidan eiking
av hjul ikkje er mi sterke side vart delene sendt til Sør-Trøndelag
(navn på hjulbygger kjem) for oppbygging.
|
Etter lakk var mopeden nesten som eit puslespill. |
Den svært bulka tanken vart blank og fin igjen etter svært mykje arbeid. Den er heilraud no, skulle vore todelt originalt. |
Den raude og kvite farge kombinasjonen er fantastisk fin. |
Reint og fint alle plasser. det er kjekt å skru når ein er rein etterpå også. Monteringa foregikk i kjellarstova. |
Overhalt baklykt og skiltholder. Lakka med felglakk i "vedaskjulet" på seine kveldar. Dei fleste skruane er bytta mt rustfritt. |
Her nærmar det ferdige resultatet seg. Dekka med kvit side hadde for stor dimensjon 2.5" gjekk ikkje å få til å snurre bak utan at det tok i skjermen. Nye dekk vart bestillt frå Kjell Berg.
|
Den originale kjedekassa var ikkje råd å redde. Etter at den var lappa mange gangar. For å sikre framfarten tegna og laga eg ei ny som eg skal lakke kvit seinare. |
Her er Raufossen klar for prøvetur. Den var betydleg betre å køyre en den var før. Det gjennstår framleis litt småplukk. Det er dårleg kontakt i lysspolen eller så er den gåen. Hornet må eg finne eit nytt av. Og eit nytt eller omkromma eksosanlegg hadde vore fint. Men ellers er målet nått. No får eg jobbe med å ta bilder når eg er på tur. Følg med! |
|
|