Her startar historia om "Sir Rusty" som eg har tenkt å kalle han.
Detter er ein Rover 90 P4 av 1956 årgang.
Etter at den tidlegare eigaren såg på sida vår at vi skruar Rover ville han gje frå seg bilen mot at eg tegna eit motiv til ei T-skjorte.

Eg fann ut at det var berre å smi medan jarnet var varmt så eg tegna så blekket spruta.

 

 

 

Under:
Den tidlegare eigaren var Oddvar Åm i Ørsta. Han kunne ikkje ferdigstille bilen såg han, så no ville han ha den vekk slik at han fekk frigjort plass. Eg lånte lastebil med kran og saman med Hege og ungane, Harald og ungane og Helge reiste vi til Ørsta på søndagstur.

Vel heime på tunet senka vi karossen ned på chassiset og trilla heile stasen inn i garasjen.

Det er ikkje tvil i at det er mykje å ta tak i her, men sidan det er ein staseleg bil når den er i orden og sidan det er svært få igjen, trur eg at eg skal freiste lukka.

Om nokon har P4 og har gode råd eller deler må disse gjerne ta kontakt.

 

"Sir Rusty" har mest truleg starta sin framfart som Doktorbil på Sandane i mars 1957. Deretter vart den solgt til likningssjefen på Sandane i 1965. Deretter var den i den familien til slutten av70-talet eller fram på 80-talet før den var solgt til ein ny eigar, før den igjen skifta eigar og havna hos Oddvar Åm.

Det er litt artig at bilen gjekk som ny i Gloppen då det er heimkommunen min og. Og sonesonen til likningssjefen er ein gammal korpskompis av meg.