"Easy Rider Tempo Trygg av ukjent årgang.
"Easy Rider" har ikkje fått mykje omsorg etter at den vart henta på Haransøya ein regntung kveld.
Men ideen for denne moppa er ferdig smidd. Hjula skal eikast om med nye felgbaner som er 2 tommar større. på disse skal det vere 2,5toms dekk med kvit side. Ny softtail skjerm bak må støypast og under den skal 59 Cadillac baklys monterast. Salen skal forlengast og ein seriøs sissybar skal lagast. Eit ekstra rør skal monterast på ramma framfor motoren. Dette skal gå ned og bak og hjelpe meg å montere fotkvilarar og fot-clutch og hand-gir. Ny framskjerm og framlykt skal monterast og eit skikkeleg apehengerstyre. Eksospotta skal få fishtail ende. Ta kontakt om du har deler du vil bli kvitt.
Eg har vore så heldig at eg har fått meg nokre nye deler til Easy Rider.

Eit chassis som manglar hjul og motor vart bringa frå Vestrefjorden og heilt inn på tunet mitt.

 

Easy Rider er faktisk ganske nær komplett no. Det som manglar er fremre hjulbolt, kick pedal, gir pedal og plastdeksel over ramma bak tanken. Ei eksospotte hadde vore finå ha og. Gjer ikkje noko om den er bulka eller har dårleg krom så lenge den er tett.

Om nokon skulle ha disse delene liggande ta gjerne kontakt på f-ravne@online.no.
Har litt deler til overs no, så om nokon treng tank, gaffel, eit shabby sete, svingarm bak, støtdempere bak så kan vi bytte.