![]() |
![]() Dette er berre ein start på historien om Bobla "Tingeling." Det kjem fleire bilder som er tatt før, men dei må leitast fram først. "Tingeling" vart henta av oss, Hege og Frode, i Trøndelag i 2005. Den vart ikkje køyrt mykje meir ved ankomst Møre pga. dårleg komp. og høgt oljeforbruk. Ein haustdag i 2005 var det på tide å få Tingeling i hus for vinteren. Då tok eg ei kveldsøkt i garasjen for å ta ut motoren som hadde sterkt behov for eit oversyn. |
For meg (Frode) var det kjekt å skrue boble igjen. Eg hadde boble frå eg var 16 til eg var 21, altså på på slutten av 80-talet og framover. Bilen eg restaurerte då var bygd i "Cal look" stil og var lakka i rosa. Når det gjeld "Tingeling" vert det "Resto look" stilen som skal vere ledetråd. Her har eg fått ut motoren med litt hjelp av Hege. |
Her har eg løfta motoren opp på den nylaga arbeidsbenken. Motoren var full av grus alle plasser og grusen var blanda med olje dei fleste plassane.
|
Sidan bilen ikkje har gått så langt og sidan eg aldri har skrudd motor før så konsentrerte eg meg om å sjå over sylindrer og toppane. Reingjering, fjerning av svært mykje koks frå stempel og ventiler og nye pakninger og stempelringer gjorde susen. |
Her er eg igang med å sette saman motoren igjen. Ny Bosch 009 fordeler. |
Her er ting og tang begynt å ta form. Brukte boka "How to rebuild your VW engine" som hjelp til både demontering og montering. Innsuget vart kjøpt nytt då det andre hadde tett forvarmingsrør til innlufta. Det fører til at bobla ikkje vil gå på tomgang. Ref. Ein eg kjøpte ny brukt gassar med. Han hadde hatt same problemet. |
Her har eg fått inn motoren. Etter dei prøvene eg har hatt kan eg bekrefte at "kompen" er betydleg betre og den puffer ikkje blå røykskyer lenger. |
Dei originale felgane fekk ein omgang med svart og kvit Hammerrite. Om nokon har 4bolt BRM kopier eller EMPI 8spoke til salgs. Vennligst send ei helsing på gjesteboka og sei ifrå. |
Rett etter at motoren var monter tilbake i "Tingeling", starta vi på montering av PUMA stilling. Her er Helge med og hjelper til. |
Her er "Tineling ferdig montert og klar til hjulstillingskontroll. Pga. at det er montert PUMA justerbar forhjulstilling må denne vere justert riktig før Biltilsynet kan godkjenne bilen.
|
Første tur til Vatne Autosenter for hjulkontroll. Desverre var castervinkelen utanfor rekkevidde så det vart ein tur heim for heving til akseptabelt nivå. |
"Tingeling" er litt rufsete rundt kantane enno, men dette er slike ting som skal takast hand om etter kvart. |
Interiøret er bra. her skal dørken få ei grundig reingjering/pussing før den skal beskyttast, Så vert det dempematter og nytt teppesett. |
Alle seta i bilen er fine. Innertaket skal kanskje skiftast og selar skal monterast slik at heile familien kan reise på søndagscruising. |
"Tingeling" er her ferdig på hjulstillingskontroll. Den står parkert hos ein kompis og ventar på time ho Biltilsynet. |
Ei pen bil. Gledar meg til skilta kjem på plass.
|
Tøff holdning. Fin cruisebil. |
Tingeling
fekk nye deparar når eg la om til sommardekk. Det var ikkje mykje krutt
igjen i dei gamle demparane noko vikjente godt når det var vind på
Ulla. |
Dei
nye demparane er heller ikkje noko superdemparar, men dei var
billege.Kjøpt på Biltema for 179kr pr.stk. |
Det
var godt å få på dei nye demparane. Litt midre lydar frå
bakhjulsstilinga og meir stabil å køyre. |
Tingeling
har vore våt innvendig etter regntunge netter og dagar ute. Dette fører
til dogg på rutene berre ein nærmar seg. Vi bestillte nye pakningar frå Hot Shop og no har vi montert bakrutepakningen. |
Få
ikkje sjokk!!!! Vi visste om at det var mykje brunt bak sete. grunnen er
fukt som har fått stått der og jobba. Då vi overtok bilen var heile
botnen dekt av aviser. Det er som alle veit ikkje noko smart sidan
avisene held på fukta.Her har eg tatt ut ruta og kan konstantere at ruteramma er heil og fin. |
Fann
eit hol oppe på brannveggen på innsida av luftelysrene dette skal
sveisast når vi veit at bilen er tett. |
Inspeksjon
av ruteramma. Hege fotograferte. |
Den
nye pakninga på plass. La ein ledning inn i sporet for ruteramma som eg
kunne bruke når eg skulle montere ruta.
Det viste seg at ledningen var for tynn og rauk når ruta var halvt på plass. Då måtte eg til med eit tynt nylonsnøre som gjorde susen. Hadde ikkje kamera der da så det vart lite bilder av det. |
Her
er ruta klar til å settast inn. Bestillte pakning med spor for kromlist.
brukte den originale kromlista. |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Tingeling
på EU-kontroll. 26.11.07På måndag køyrde eg med "Tingeling" til by`n for EU-kontroll. Sidan det var kuldegrader og tett snødrev, var eg godt utrusta med varmekjeledress og fora hanskar. Om trailarar og andre bilistar streva med glatte vegar og snøkave marsja "Tingeling" som ingenting. På NAF-stasjonen i Ålesund vart eg teken godt imot og "Tingeling" fekk ta plass på bukken i dei nye fine lokala deira. Etter ein halv times tid var status oppgjord. Eit nærlys som ikkje gav riktig bilde og chassinummer som var vanskeleg å lese, måtte rettast på og krevde etterkontroll. Sidan eg likevel hadde ein time til gode køyrde eg rett til Lundanes Bil og spurte om å få ta lys kontroll og gjere noko med chassinummeret. Der var det ikkje nei å få, og eit kvarter etter var begge deler ordna. Tilbake på NAF vart etterkontrollen gjort på direkten og "Tingeling" var godkjent. Takk til både NAF og Lundanes Bil som var så smidige. |
|
|