R O V E R   S D 1   "Horni"
Her er endå eit nytt prosjekt: Roveren frå
"Horni"ndal

Var å henta den i "rompåska"

Her er fyrste bilda av den, då eg kryssa
fylkesgrensa Skal fikse den "fort å gale"
og ha den som bil nr. 2.
Den blir veteran frå neste år.

Og trekkvogna er sjølvsagt ein Rover,
kan ikkje svikte merket heilt. Det er bruksbilen
i heimen. Klarte fint oppgåva som trekkdyr
Bilen på vei inn i customen
Ser ikkje ut som eit hurtigprosjekt akkurat
Litt brun i kantane, men i ein snart 30 års
gamal bil er vel dette lov.
Her er litt meir enn eg håpa på, men ikkje
verre enn at  det er overkomleg
Innteriøret skal ut.  Skal inn med eit
mørkebrunt som eg har liggande,
det er frå ein 2600 S serie 1,5, 
og er heilt støkent.
Har starta arbeidet med å rense den
for krimskrams.
Skal lakker den opp att, så eg vil fjerne all lakk.
Den nye fargen blir ..........
Har spraya på Ferro-Bet, trur dette er noko
av det argaste ein kan bruke som underlag
Hmmmmmmmmmmm. Her er dette brune att
   
All asfalt fjerna
Bakenden er slipt rein for lakk
Her er den største biten som måtte
skjerast ut i bagasjerommet
Har starta sveisinga.
No e sommaren over og vi jobber for fult i
Customen. Bagasjerommet er ferdigsveisa
Her er det syregrunna, etter dette har eg
grunna med sinkgrunning og lakka svart
Så snudde eg bilen for å starte med fronten. Tenk,,,, eg fann rust der òg. Ikkje til å tru (på ein Rover ???)  Her er frontruta ute og eg har begynt å slipe blankt
Her er eg ferdig sveisa og sparkla
Og her er sinkgrunninga på, klart til å bli svart
Som ein kan sjå, bygde Rover ikkje bilane sine i rustfritt-stål. Der er eit par hol i torpedoveggen, men det er no ikkje den verste plassen å sveise heller
Her er endå fleire brune hol
På venstre side er der ein ny skjerm, på høgre side er der nokre kjafs på hjulbuen, dette blir sveist, eg skifter ikkje skjermen her, litt for mykje arb. (sveiste skjermer)
Batterikassa har òg fått litt fres, her er det berre å sveis fast stykket

 

 

Så langt har eg komt pr. 26.08.07

 

 

Lakkering 17-20 januar 2008.
 
 
 
 
 
Då er dørene lakka og montert, samt nokre
strøk med klarlakk... klar for montering!!
                                                                   Trond 06.02.08