![]() |
|
|
|
|
Onsdag
23. mai reiste Kolbjørn, Harald, Frode, Stig Are og meg, Trond på tur for å
besøke gutta i hjulhuset til Storfjordens Automobil Klubb (SAK) i brusdalen.
Eg og Frode skulle køyre bobla "Tingeling", Kolbjørn og Harald køyrde Rover,
og Stig Are kom med 190'en i frå byn. Etter litt strabaser med lang vandring
på bremsepedalen til "Tingeling", grunna lite/ingen bremseveske i eine
kammere på bremseveske beholdaren, som igjen sikkert skuldast lekasje ein
eller anna plass i systemet, kunne vi endelig sette kursen mot fergekaia på
Austnes, der vi skulle ta ferga kl. 17.35. Bobla bremsa fint på framhjula så
vi satsa på at ho held fram og tilbake i fra Brusdalen.![]() I Søvika stoppa vi for og fylle litt bensin, før vi satte kursen mot brusdalen, spente på kva som venta oss der!! ![]() Då vi ankom hjulhuset, var der masse bilar og mykje folk. Var det oss dei venta på skal tru?? Vi vart godt motat, og vi vart straks tatt med på ei omvisning i lokalet, der dei stolt kunne vise fram både bussar, brannbilar, lastebilar, nye gamle deler, stasjonermotorar og masse andre dupedingsar, som er rein vitamininsprøytning for oss bilfrelste. ![]() ![]() Etter ei runde rundt i lokalet vart vi invitert inn på eit møte i eit av dei flotte møtelokala som hjulhuset inneheld. Kvar onsdag gjennom heile året, er hjulhuset møteplass for alle medlemmane i SAK. Der møtest dei for å holde møter, ha dugnad, skru bil, eller rett og slett slå av ein prat. ![]() ![]() Under dette møte fekk vi også anledning til å presentere klubben vår, og fortelle litt om kva vi driv med. Vi nytta sjølvsagt også høve til å reklamere litt for øyatreffet, i håp om at mange av disse medlemmane vil ta turen!! Etter at møte vart heva, vart vi bydd på kaffi og gode kaker, og deretter gjekk resten av kvelden med til å stifte beire bekjentskap til dei forskjellige medlemmane som hadde møtt opp denne kvelden. Her er litt av det som var og sjå: |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
![]() |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Då vi skulle til og reise,
vart Eg og Frode ståande og prate oss vekk. Så når vi endelig kom oss på
vegen for og rekke 22.10 ferga i frå skjeltene, viste det seg at vi måtte
stå på for og rekke denne. Men med ein marsjfart/toppfart på 100 så fekk vi
henta inn igjen dei minutta vi mangla. :o)Vi vil takke for ein hyggeleg kveld, og ei flott omvisning av hjulhuset. Eit virkelig flott lokale!!! Tekst og foto: Trond Ravnestad |
|