I N F O   O M   S E A S I D E   C U S T O M
 
Seaside Custom
er ein klubb for alle motor interesserte.  
Vi held til på øyane Haramsøy og Flemsøy/Skuløy litt
nordaust for Ålesund, med eigen klubbhall på Rogne.
For oss nyttar det ikkje og opprettholde ein klubb som omfattar berre ein type køyrety, eller eit spesielt merke.
Til det, er tilhøva for små.
Derfor er Seaside Custom åpen for alle typar køyrety, noko som skapar eit stort mangfald i klubben.

Her er det interessa og felleskapet rundt det motoriserte som står i fokus, og takhøgda er stor!!

Seaside Custom ynskjer å bygge relasjonar mellom generasjonar, og vil at alle med interesse for motor og ”mekking”, skal ha ein tilhaldstad. Vi har som mål og være ein klubb som aukar kunnskap og innsikt i køyrety, der det sosiale er ein viktig faktor innanfor dette feltet.

Kvar tysdag, gjennom heile året er det garasjekveld i lokala våre på Rogne, og du er hjarteleg velkomen til å ta turen innom...... Vi har det ”fole” kjekt!!
HER FINN DU OSS
Vi held til på øyane Haramsøy og Flemsøy/Skuløy litt
nordaust for Ålesund, med eigen klubbhall på Rogne.

Klikk her for større kart!!
HEIMESIDA
Heimesida vår vart oppretta i slutten av 2005, og har heilt eige design. Den er stadig under utvikling, og er ein møteplass for oss alle.
På forumet har ein moglegheit til å legge ut bilder og fortelle om sitt eige prosjekt, og samstundes få tilbakemelding på dette.
Under ”Siste Nytt”, prøvar vi og informere lesarane om motormiljøet på øyane og omegn, samt kva som skjer i klubben elles.
ARRANGEMENT
Årleg arrangerer Seaside Custom både Vårslepp og Øyatreff.
Vårsleppen går av stabelen tidleg i mai, og er
eit treff der vi samlast for ein felles cruising og sosialt samvær.
Øyatreffet blir arrangert i midten av juni, og er for alle typar køyrety. Her er det kafé, premiering,og godt
oppmøte frå både øyane og fastlandet.

I tillegg til disse arrangementa har vi julebord, temakvedar, felles utflukter +++


KLUBBLOKALE OG HISTORIKK
Det begynte med at nokre av dagens medlemmar traff kvarandre under ei tilstelning på Rogne.
Der viste det seg at alle hadde eit prosjekt på gang,
men ingen hadde noko plass å halde til med dette.
Gruppa var då 7 mann. Der etter vart det arrangert fleire møter der ein kunne diskutere hobbyen i felleskap, fleire kom innom og vi skjøna at vi ikkje var åleine om å ha denne interessa. Så starta vi arbeidet med å finne eit eigna lokale som vi kunne leige. Eit gamalt fjøs på Rogne vart løysinga, og dugnaden med å ruste det til ”mekkelokale” kunne starte.

Lokalet sto klart våren 2004.
Heilt sidan den spe begyndelse i 2003 og heilt fram til i dag, har Seaside Custom holdt hus i den gamle fjøsen på Rogne. Dette lokalet har tjent oss godt, men allereie i 2005 var det begynt og bli så mange bilar og prosjekt at lokalet var blitt for lite. Vi utvida i 2006, der vi reiv ned ein vegg og fekk større mekkelokale, samtidig som vi fekk laga oss eit klubbrom.

Sjå bilder i frå utvidinga her. 
Men det gjekk ikkje lenge før også dette mekkelokalet vart for lite, og lysta til å få bygd vårt eige lokale vart større.
I 2006 vart det beslutta at vi skulle starte arbeidet med planlegging og bygging av ein klubbhall som kunne huse både mekkelokale og klubbrom, slik at fleire SSC medlemmar kunne få plass i klubben sine lokale. 

Dette prosjektet er vi no godt i gang med, og vi håpar dette vil bli eit felles samlingspunkt for alle motorinteresserte på øyane og omegn.

Følg prosjektet her.